– Flaks har hindra ulykke

– Det er berre flaks at ingen har vorte treft av alt som rasar ned frå fjellsida, seier Unni Bjørnstad.

7. februar 2007
Randi Flø

Kåre Hjelle i Mesta fotgraferte den store steinen som datt ned i vegbana sist søndag, før han rydda han vekk.

Ho er leiar i bygdeutvalet i Norddal, og det er vegstrekninga mellom Norddal og Eidsdal ho snakkar om. Det er ikkje berre ho som snakkr om dette. Folk tek til å verte verkeleg uroa, ikkje minst over å sende skuleungane med bussen til og frå Eidsdal.
Berre siste dagane har det rasa to gonger på denne strekninga som ligg under Reinshammaren.

Bussen måtte vente
Fredag morgon, like før skulebussen kom, rasa det fleire steinar ned i vegbana. Bussen kom seg ikkje vidare før vegen var rydda. Søndag ettermiddag ramla ein stor stein, på rundt eit tonn, rett ned på vegen.
– No er det på tide at noko vert gjort, vi er engstelege for å sende ungane med bussen, seier Unni Bjørnstad.
Måndag morgon tok ho kontakt med ordførar Arne Sandnes og andre politikarar og bad om at dei må setje fokus på denne vegstrekninga. Ho lovar at dei ikkje har tenkt å gi seg no. Personleg synest ho løysinga må bli ein tunnel, men at det bør kome ei straksløysing først.

Fylkesveg
Ordførar Arne Sandnes tok måndag kontakt med Kjell Haukeberg ved Statens vegvesen i Ålesund, der ansvaret for denne fylkesvegen ligg. Haukeberg var allereie informert om både raset og den store steinen.
Det er Mesta som har ansvaret for vedlikehald og ettersyn, og Haukeberg vil be dei ta ei vurdering på om dei skal få ein geolog til å sjekke forholda, om dette kan vere forvarsel på eit større ras og om det kan verte aktuelt å stenge vegen.
Rassikring av denne vegen ligg langt nede på lista blant dei mange fylkesvegane, der budsjettet er knapt. Sandnes seier at dersom det oppstår livstrugande situasjonar må ein kunne sjå på prioriteringane.
Som ordførar i Norddal kommune seier han dette er ei påminning om at dei må halde trykket. Han oppmodar folk til å melde frå til vegvesenet i Ålesund om slike hendingar, slik at dei vert loggførte.