|
hold for dei som skulle konkurrere på Overøye denne laurdagen. Stordalingane utviklar arrangementet og framstår som svært proffe. Og når det er så store arrangement, med løparar frå heile fylket og endå meir, ja, då kjem det folk. Det verkar som at dess betre ungdommane i Stordal gjer det, dess flinkare blir dei som står for arrangementet.
På heimebane
To kretsmeistrar og ei som knivar om hundredelar om same tittelen, er store og gode presentasjonar av Stordal sine eigne løparar.
Ingrid Busengdal og Jørgen Vinje Tøsse gjekk heilt til topps og Erika Holand Tøsse var berre 18 hundredelar bak teten i si klasse. Mange har lagt ned mykje arbeid på Overøye og med dei unge lovande, og på ein slik dag som dette, vil vi tru dei får noko att.
Ein full parkeringsplass, sol og smilande menneske. Nokre nytta sjølvsagt høvet til å gå på tur i flott turterreng denne dagen. Dei som var tilskodarar til renna i bakken, fekk ei spennande stund. Ei overmåte bra speakerteneste sørga for å orientere om alt det som skjedde. Det var ikkje Rike og Carlsen, men Tøsse og Kalvø. Med stor fagleg kunnskap losa dei publikum gjennom løypa med tider og anna.
Forbetrar heile tida
Det er stor aktivitet ved alpinsenteret. Måndag denne veka var det damenes aften, instruktørtenesta for nybegynnarar er utvida og meir utstyr for utleige er innkjøpt. Heimesida deira er innhaldsrik og informerer om det meste ein skulle lure på. Arena Overøye er ein suksessfaktor i det sportslege miljøet i den vesle kommunen Stordal.
|
|
|