Eidsdal – ei triveleg bygd

Når nokon kjøper fleire hus og vurderer å kjøpe kafeen i Eidsdal, ja då lurer folk. Og når vedkomande ikkje har relasjonar til bygda, ja då vil ein vite kva dette er for noko. Frode Rørhus er ein sunnmøring så god som nokon, busett i Oslo og driv for det meste med utvikling av eigedomar.

14. februar 2007
Alfred Nilsen

Med eigedom, målband og arkitekt vil Frode Rørhus skape noko i Eidsdal sentrum.

– Eg sat i ferjekø saman med dotter mi i Eidsdal og så eit til sals-skilt på "bakeriet". Det var slik interessa mi kom til, seier Frode Rørhus.
– Eg er ein impulsiv kar og eg lever av å tenkje annleis. Kjøp og sal av eigedomar er det eg no lever av, så eg vil tene pengar, seier ein direkte sunnmøring.
Han er på vitjng i Eidsdal saman med ein arkitekt for å måle opp "bakeriet". Sivilarkitekt MNAL Øyvind Drageseth har fått jobben med å teikne og planlegge eigaren sine idear.

Liker å skape
Dei fire leilegheitene i "bakeriet" skal gjerast heilt ferdig først og så skal det lagast eit prospekt som leggast ut for sal. Huset er tenkt å romme ferieleilegheiter. Førsteetasjen og loftet skal innreiast slik at det til saman vert ni leilegheiter i huset. Fasaden skal endrast og det er tenkt balkongar på den sida som vender mot fjorden. Mot sør er det også tenkt utvida balkongar. Men som arkitekt Drageseth seier:
– Det første var ei grovskisse. No har eg fått alle dei måla eg treng, så no skal desse skissane omarbeidast.
Eidsdal er midt i løypa for ein heil del turistar som dreg forbi.
– Bygda ligg nær mange gode rekreasjonsområde i eit attraktivt turterreng, og så har du sjølvsagt fjorden. Rundt dette må det gå an å skape noko, seier Frode Rørhus.
Han vurderer kjøp av kafeen, men dette må dei tenke meir på. Han har vore i kontakt med kommunen og ein del av lokalbefolkninga, og har fått gode og positive signal på ideane sine. Engasjerte menneske i lokalmiljøet er alltid ein stor ressurs ein kan samarbeide med, og eg håper vi kan få til eit slikt samarbeid her i Eidsdal om sentrumsområda, seier han.

Posten
Huset der det tidlegare var post, og som inneheld leilegheiter for det meste, har Frode Rørhus etter kvart tenkt å seksjonere og så selje. Dei som bur der i dag, er orientert og vil få tilbod om å kjøpe si eiga leilegheit, eller halde fram med å leige om dei det vil.
– Eidsdal er ei triveleg bygd med potensial til forbetring. Kan eg vere med å bidra til noko alle kan tjene på, for det er det eg ønskjer, så er vel ingenting betre enn det, smiler han. Og så må det jobbast, nokre fleire mål og bilete før dei set seg i bilane på veg til byen.