God stemning hoppbakken

Søndag vart Stordalsrennet arrangert i Fjellbakken, med stor deltaking i dei yngste klassene.

21. februar 2007
Randi Flø

Helga Løset Skodjereite var ei av fleire jenter som hoppa.

Dette var det første hopprennet dette året i bakken. Mange av dei lokale yngste har trena i bakken, nokre både torsdagar og laurdagar, sidan det vart forhold.
– Det var veldig kjekt å vere med på hopprenn, seier Mathias Tafjord frå Stordal.
Han fortel at dette var det aller første rennet han har vore med på. Men trena har han gjort, ofte to gongar i veka.

Kretsrenn
Dette var eit kretsrenn med deltakarar frå heile fylket, dessutan stilte Hornindal med ein stor tropp. Det var hopparar frå MOI, Hjelset/Fram, Herd, Ørskog, Velledalen og Sykkylven.
Stordal hadde ei stor gruppe, fordelt på alle aldersklasser.
Det starta med hopping først i den minste bakken. Så gjekk dei over til 18-metersbakken. Rennet i dei to største bakkane, 50 og 70 meter, gjekk raskt unna.
Det var god stemning blant publikum. Etter at varmestova er komen på plass har forholda vorte betre både for hopparar og publikum. Veret var stort sett bra under heile arrangementet. Speakertenesta var av ypparste sort, der Terje Aasen kom med gode kommentarar, spesielt retta mot dei eldste entusiastane.