|
Dei to programleiarane, Inger Kristin Hauge og Kim Adrian Jensen Hoel, losa den fullsette salen gjennom eit om lag to timar langt program med ei kort pause innimellom. Dei fekk latteren på gli når dei kort og konsist introduserte kvart innslag.
Etter at alle tiåra på 90-talet er brukte opp, må dei tenkje nytt og finne eit tema for kva songar som skal presenterast. Denne gongen var det kjærleiken, eit tema som det ikkje er vanskeleg å finne tekstar om.
Det treng ikkje vere berre slik kjærestekjærleik, sa dei to programleiarane.
Mor
Det fekk publikum prov på allereie ved første innslag, som var «Den første song» av Per Sivle, som vart vakkert framført av fleire. Vi fekk høyre om ulike former for kjærleik gjennom «Tuppen og Lillemor» og «Vestland, Vestland».
Lars André Øvrevoll las frå Korintarbrevet i Bibelen, der tittelen på kabaryen eigentleg er henta frå. «Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje, briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp.... Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.»
Så var det klart for show på scena. Først med songen «Rattiti», der Lars Olav Muri spelte den forsmådde unge friaren, med Lisabeth Ranheim Omenås som jenta og Ingrid Aune Hjelle som den sinte mora. Godt spelt.
Rumba med Gunn
Kven har vel ikkje høyrt Di Derre og «Rumba med Gunn» gong etter gong på radioen og sikkert sett føre seg opptrinnet i storsalen på Folkets Hus? Men når vi fekk scena vist fram av Lars Olav Muri som «danseskolens minste mann» og Bjarte Grønningsæter som Gunn. «Hun er på størrelse med en liten traktor og heter Gunn. Hun er kretsmester i alt som er tungt og skal hives langt.» Den danseoppvisinga gjorde at folk i salen tørka lattertårer lenge etterpå.
Så følgde den kjende «Gi meg en cowboy til mann» med gode kostyme og flott song.
Eit for mange ukjent stev frå Valldal vart framført. Teksten er skriven av Jørgen Moe, og det er Magnhild Heggen frå Valldal som har tonesett og Jostein Dalebø som har skrive ned melodien.
Ein kjærleikssong til heimen «Mitt hjem jeg aldri glemmer» lydda vakkert frå scena.
Så vart det ny dramatikk. Vazelina Bilopphøggers sin «Fisking i Valdres» vart tydeleggjort ved Bjarte Grønningsæter som hadde tenkt seg på fisketur og ei sint kjerring spelt av Daniel Muri. Bak lydde kulokken til Fride-Helen Almstad.
Lyrikk
Andre halvdel av programmet starta med eit dikt av Tor Jonsson, «Nærast er du når du er borte», lese av Lars André Øvrevoll.
Den siste delen hadde for det meste engelske songar. Men Lise Brasøy og Sanna Jarvik framførste ein japansk kjærleikssong, endåtil på japansk.
Lina Ødegaard hadde soloen i Aretha Franklin sin «It’s in his kiss».
Så var det tid for å engasjere publikum litt, og nokre vart kanskje litt i julestemning då det var «Så rekker jeg deg nu med glede min hånd» som var allsongen.
Nostalgien breidde seg litt i salen då «Summar nights» kom fram, jenter og gutar kledde som vi hugsar frå den populære filmen Grease med John Travolta og Olivia Newton-John. Meir sommar vart det med «En solskinnsdag», kjend for oss gjennom Postgirobygget.
Nesten litt skummelt var det til å begynne med då «Thriller» stod på programmet. Scena var henta frå Michael Jackson sin video, der han og jenta vert angripne av blodtørstige zombiar når dei går gjennom gravstaden etter å ha vore på kino. Gutane på ungdomssteget viste at dette hadde dei øvd skikkeleg på, og dansen, med innlagt moonwalk, var imponerande.
Gitarkameratar
Svært positivt overraska kunne ein verte over dei fem gutane som stilte med kvar sin akustiske gitar. Songen var Johnny Cash sin «Ring of Fire», eller meir i tråd med tema for kvelden «Love is a burning thing».
Dramatisk og stilfullt var det då Per Gunnar Ødegaard og Malin Gjerde Uri med flotte kostym og berande stemmer framførte ein song frå «Operafantomet».
Så gjekk taktfoten i salen, alle kjende seg att og kosa seg til «Bye, bye, love».
Programleiarane forklarte om neste melodi at den skreiv Eric Clapton då han miste son sin på fenire år. Vebjørn Lilleås Johansen framførte songen «Tears in heaven», og det er nok ikkje for vågalt å tippe at det sikkert var nokre tårer i salen også under dette nummeret.
Avslutningssongen var «You raise med up», der mange var samla på scena.
Ros til alle
Mange var på scena, nokre med solo og mange var med i kor. Då programmet var over, fekk også alle dei som hadde jobba bak kulissane velfortent ros. Mange av elevane har vore med på scenearbeid, regi, kulissar og lyd og lys.
Kulturskulerektor Arnfinn Dalhaug har vore med dei heile tida gjennom øvingane. Han stilte også med piano på framsyninga. Dei to gitaristane var Anders Jørgen Gjerde og Håkon Myklebust. Av vaksne som vart kalla fram på scena, var primus motor Astrid Bakke Andersen, Eva Hilde Lingås som manusskribent og idémakar og Eva Muribø med sminke og kostyme, Tor Erik Jarvik og Per Jomar Nerli som altmuligmenn og vaktmeister Per Ove Ødegaard.
You raise me up, sa Astrid Bakke Andersen og takka elevane for den store entusiasmen dei har vist gjennom arbeidet med oppsetjinga.
Det starta i haust, og ingen sa nei då dei tok til å velje ut songane i musikktimane. Ho sa ho ikkje har høyrt eit negativt ord frå nokon. Alle ville vere med på sin måte.
No er det berre å sjå fram til neste år. Då er det mange som har erfaring og ei ny åttandeklasse vert med i staden for dei som går ut av tiande.
|
|
|