|
Muritunet har lenge jobba for å få på plass eit slikt tilbod. Det har skjedd i samarbeid med LKB (Landsforeningen for kvinner med bekkenløsing). Teamleiar Anita Dyb fortel at gjennom ei undersøking og kartlegging av eksisterande tilbod til denne gruppa viser det seg at det er ei stor gruppe kvinner med slike plager som ikkje har noko tilbod om rehabilitering.
Første gruppe
I dag reiser dei heim dei ni kvinnene frå heile landet som har vore med på den første gruppa som har fått tilbod om denne behandlinga.
Ei av dei er Linda Ulstein frå Ålesund. Ho fortel at ho
eigentleg har vore plaga sidan første fødselen i 1998, då ho brukte eit og eit halvt år på å kome seg på beina att. Då ho vart gravid att i 2002, fekk ho dei første symptoma allereie etter seks vekers svangerskap. Ho har fått noko hjelp, men ikkje nok til å verte bra igjen. Etter kurset ved Murtunet har ho funne ut at ho ikkje har trent rett.
Det beste er at vi får skreddarsydde tilbod kvar einskild. No skal eg heim att og trene i 16 veker med same opplegget, seier ho nøgd og legg til:
Dei er kjempeflinke her.
Kvile og trening
Anita Dyb seier at dei legg vekt på rett mengde trening og kvile. Britt Stuge har mellom anna laga ei doktoravhandling om temaet, og behandlinga ved Muritunet er bygd opp i samarbeid med ho. Dei har valt å byggje vidare på hennar prinsipp.
Dei jobbar med stabiliseringsøvingar og prøver å finne indre styrke i bekkenmuskulaturen.
Ho seier at dei fleste som får bekkenløysing, blir bra etter ei tid. Dei som kjem til rehabilitering på Muritunet er kvinner som framleis har plager to år etter siste fødsel.
Dei legg stor vekt på å lære dei grunnleggajnde rørslene, som å sitje, stå og gå, der også kvile er viktig. Bassenget er ein viktig del av treningstilbodet. Varmt vatn gir smertelindring, og rørsle i vatnet gir mindre belastning. Ein annan viktig del er undervisning. Undervisningsplanen byr på teori om mellom anna fakta om bekkenet vårt, det å leve med kroniske smerter, og korleis fokusere på kva ein kan gjere for å få god livskvalitet med familien.
Venteliste
Deltakarane betaler ein eigendel på linje med dei andre som er til rehabilitering ved Muritunet.
Dyb fortel at det var venteliste allereie på dette første inntaket. No planlegg dei å ta inn ei ny gruppe i juni og det har allereie meldt seg søkjarar
|
|
|