Kryssar fjorden

Sist laurdag kunne ein sjå kabelfartyet “Nautilus Maxi” på Norddalsfjorden. Denne dagen la dei fiberoptisk kabel frå Norddal til Linge. Onsdag eller torsdag i denne veka kjem dei tilbake for å legge kombinert høgspent og fiberoptisk kabel frå Linge ferjekai til Eidsdal.

7. mars 2007
Alfred Nilsen

Fartyet “Nautilus Maxi” legg fiberoptisk kabel mellom Linge og Norddal.

Det er kraftutbygginga på Berge som har framskunda ein 20 kilovolt kabel over fjorden. Den må på plass for at dei skal kunne levere all den straumen dei produserer. I dag ligg det to straumkablar over fjorden. Dei går begge til Norddal og blir berre brukt i nødsituasjonar.
Den nye 20 kilovolt-kabelen over fjorden vil gjere straumforsyninga sikrare for abonnentane på begge sider av fjorden. For å rekke ned i djupna og opp att på andre sida må kabelen ha ei lengd på 4000 meter. I Eidsdal vil kabelen kome i land like ved småbåthamna, der det frå før av ligg røyr under vegen slik at dei slepp graving. På Linge-sida vil den kome opp like ved innkøyringa til tunellen. Der vil Norddal elverk også setje opp ein kiosk som inneheld ein effektbrytar i tillegg til instrument som kontrollerer spenninga, noko dei er pålagd for å kvalitetssikre produktet.

Linja over Kallskaret
Det er denne linja som i dag leverer straum til sørsida av fjorden i tillegg til Geiranger. Valldal og Liabygda får sin straum frå kablane som ligg i tunnelane inn til Tafjord. Før tunnelane vart bygde, fekk nordsida av fjorden straumen sin frå dei gamle sjøkablane som vart lagde i fjorden mellom 1925–1935. Ein sjøkabel har ei levetid på om lag 70 år, så den nye kabelen over fjorden vil dei komande generasjonane ha glede av.
Kompetanse på sjøkabel har Norddal elverk henta inn hjå Tafjord Kraft.
– Det er ilandføringa som er det kritiske punket, så det er viktig at dette blir gjort på den beste måten, seier elverksjef Runar Stette.
Når kabelbåten kjem tilbake denne veka, har han med seg miniubåt som skal sikre at det ikkje blir noko krøll på kabelen i begge endar. Linja over Kallskaret frå Tafjord er ei viktig linje som på sikt også vil bli rusta opp.

Fiberstamnett
Norddal kommunestyre har i vedtak bestemt at Norddal elverk skal eige og bygge ut fiberstamnettet i kommunen. Dei skal rapportere til formannskapet undervegs om økonomi og framdrift. Fiberkabelen kjem i dag frå verda via høgspentmaster, og ned på Muribøen. Derfrå ligg han i røyr fram til sentralen på Ødegård i tillegg til at han skal frå Muribøen til Muribugen i luft. Derfrå skal han vidare i luft fram til Tårnkiosken på Linge der fiberkabelen til Norddal kjem i land.
Frå Tårnkiosken skal det lagast ny straumlinje i den gamle traseen der jordingskabel med fiber følgjer med til Lingetunnelen. Der tar fiberen vegen over fjorden til Eidsdal saman med høgspentkabelen. Tårn-kiosken (den grøne murklossen ned mot sjøen på Linge) skal rivast om ikkje grunneigar vil nytte han til noko. Det er fibernettet mellom sentralane som skal eigast og byggast ut av Nordal Elverk as. Runar Stette seier dette er eit nett for framtida.

Vinter og vår
Til Tafjord kjem fiberen frå Ødegård via høgspentmastene til Nerhusstranda der det går røyr til Tafjord. Den skal vere ferdigstilt 30. juni dette året. I løpet av våren vil fiberen frå Muri komme ut til Linge. Frå punktet fiberkabelen kjem i land i Norddal skal han gå framover dalen i lufta til han møter linja som går til Lilleåsen, der skal den gå over elva og ned til skulen for til slutt å kome ned i telefonsentralen i Bugen.
Norddal elverk må søkje Kystverket om kvar sjøkabelen kan leggast. Ved småbåthamna fekk dei ikkje leggje han, så difor denne rundturen fram i dalen. Det er Norddal, Grønning, Eidsvatnet og Linge som er utkantane i denne utbygginga og Norddal kommune har saman med mange andre kommunar søkt om tilskot til å bygge ut desse. Utbygginga skal prioriterast av formannskapet.
Selskap som Tafjord Mimer, Telenor og andre vil kunne tilby breibandsprodukt til kundane gjennom nettet som er eigd av Norddal Elverk. Det politiske engasjementet og midlane er der for at det skal vere interessant for selskapa å tilby tenester til brukarane.