Severinbrauta med digitale foto

Kari Remvik, opphavleg frå Eidsdal, har saman med andre ivrige lokalhistorieinteresserte samla inn og skrive 56 sider lokalhistorie knytt til 503 bilde frå Severinbrauta. Nærare 400 av bilda er no tilgjengelege på det digitale fylkesfotoarkivet.

7. mars 2007
Randi Flø

Kari Remvik saman med dugnadsgjengen.

Kari Remvik fortel at ho gjekk inn i dugnadsgjengen som jobbar med å få registrert foto digitalt. Dei har brukt utstyret til fylkesfotoarkivet for å avfotografere dei gamle bilda.
Mykje av arbeidet har
gått ut på å samle inn opplysningar om dei einskilde bilda og leggje også dei ut på nettet. Ho seier at nokre bilde har det
vore vanskeleg å finne opplysningar om. Når ho har vore i Eidsdal, har ho kontakta folk som ho har trudd visste noko, og mykje informasjon har dukka fram.
Det starta med at mannen, Kjell Remvik, hadde vore i eit møte der det var snakk om å få registrert bilda som vart funne i Sevrinbrauta.
– Det kan sikkert ho Kari gjere, hadde han sagt og kom heim att og fortalde henne at ho skulle registrere nokre bilde. Slik starta det.

Eidsdal
Kari er fødd og oppvaksen i Eidsdal. Foreldra hadde hytte ved Eidsvatnet og ho har vore der mykje etter at ho flytta til Ålesund.
Ho hugsar godt Nelly då dei gjekk forbi Brauta opp Kleivane på veg til Eidsvatnet. Ho hugsar henne også når ho handla på torebuda og ikkje minst når ho baka for mor til Kari.
Elles har ho brukt bygdebøkene trottug for å finne opplysningar. Og ho takkar alle som har hjelpt med å identifisere personar.

Husmannsplass
Både namnet Severinbrauta og Sevrinbrauta, Veiberg 214, er nytta om husmannsplassen, ofte Brauta i daglegtale. I denne samlinga nyttar dei Severinbrauta, eller Brauta. Søstrene som budde på Severinbrauta blei ofte omtalt som Brautatausene.
Nelly var fødd i 1915 og døydde i 1995. Ho hadde ikkje etterkomarar, og dermed tok staten over arven. Etter ei tid med forhandlingar mellom staten og Norddal kommune, fekk kommunen overta både hus, innbu og pengar. Kommunen måtte ta på seg å forvalte plassen og restaureringsarbeidet skulle utførast etter antikvariske retningslinjer.
I 1998 oppretta kommunen Stiftinga Severinbrauta som har arbeidd med å ta vare på denne kulturhistoriske rikdommen.
Søstrene Nikoline, Torine, Inger, Susanne Marta og Pernille og seinare Nelly budde periodevis på Severinbrauta. Dei dreiv plassen som sjølvbergingsbruk heilt til slutten av 1980-talet. Ingen av dei var gifte. Pernille hadde teneste på Giske i mange år. Dei andre tok seg arbeid rundt i bygda og utanbygds. Ei av dei var i teneste på Skrenakken, ei i Norddalen, Nelly på Linge, ei i Geiranger på hotell, ei på Stranda og ei på Hessa.

Meir informasjon
Kari Remvik seier seg glad for at bilda med opplysningar no er lagde ut. Ho ser ikkje bort frå at det kan vere feil.
– Har nokon meir informasjon om bilda, det kan også vere at vi har teke feil på nokre av dei, er det fint om folk klikkar inn på brukarkommentar og seier frå, seier Remvik.
Grunnen til at der er mange bilde frå Giske, er at Pernille tente der i fleire tiår. Dei to gutane på Severinbrauta, Ole og Ole Martinus emigrerte til USA og kom aldri attende til Norge. Dei sende ein del bilde og prospektkort. Der finst også nokre prospektkort frå Ålesund og ulike bygdelag. Bilde av folket på Severinbrauta finst der også, både som unge og gamle.

Slik går du fram:
1. Gå inn på www.fylkesfoto.no
2. FylkesFOTOarkivet i M&R.
3. SØK BILDER
4. Avansert søk
5. Lokal signatur: FAKf-0678