Gode resultat

Det vart svært gode resultat for Stordal sine unge alpinistar på Landsfinalen for 12- og 13-åringar på Voss i helga som var.

14. mars 2007
John Kristian Hjelle

Ein kjempeglad Jørgen Vinje Tøsse etter 2 sølvmedaljar og ein 5. plass i Landsfinalen. Foto: Magne Tøsse.

Magne Tøsse, som var hovedleiar for kontigenten av løparar frå Møre og Romsdal, seier seg kjempefornøgd både på kretsen og Stordal IL sine vegne etter ei helg der Stordalsløparar kunne ta med seg heim både pokalar og andre gode resultat. Stordal hadde fått med to 13-årige gutar og ei 12 år gammal jente i ein kvote for Møre og Romsdal på 9 gutar og 5 jenter i dette rennet som totalt samla 112 gutar og 85 frå heile landet.
Løparane var Jørgen Vinje Tøsse og Ingrid Busengdal, i tillegg til Ole Henrik Nakken som etter å ha vore skada store delar av sesongen akkurat rakk å få med seg dei fire siste kvalifiseringsrenna og i løpet av dei renna greidde å kvalifisere seg. Fredag vart det tevla i super-G, og der kom Jørgen inn til ein femteplass, berre 19 hundredelar frå pallen, medan Ole Henrik kom på 63. plass.
Ingrid enda her på 52. plass.
Laurdag var det storslalåm, og her sikra Jørgen seg ein sølvmedalje, 26 hundredelar frå gull, medan Ole Henrik kom på 52. plass og Ingrid kom på 14. plass. Søndag vart Landsfinalen avslutta med slalåm, og på nytt kom Jørgen på sigerspallen med ein ny andreplass, denne gongen 32 hundredelar frå gullet, medan både Ole Henrik og Ingrid tok eit steg oppover resultatlistene med ein 28. plass på Ole Henrik og ein sjuande plass på Ingrid. Imponerande prestasjon av Jørgen, som viss det var sett opp eit resultat for samanlagt alle renna nok ville ha toppa ei slik liste. Imponerande resultat og for Ole Henrik når ein veit kor lite han har fått trena i år, og for Ingrid som er førsteårs deltakar. Magne Tøsse fortel at det var til dels vanskelege tilhøve under Landsfinalen, det regna stort sett heile helga, og arrangøren hadde på grovsalt, noko som gjorde dei frå før av kuperte og krevjande løypene harde og enda meir krevjande.