– eit levande kulturminne

I juni 2005 vart Hoelsfossen elverk AS stifta. Fire gunneigarar og tre andre engasjerte har gått saman om aksjekapital, og vona er at på to-årsdagen for selskapet skal dei produsere straum.

14. mars 2007
Alfred Nilsen

Inntaksdammen er den viktigaste og mest kostnadskrevjande med utbygginga av Hoelsfossen Elverk.

Kjell Hoel har lenge vore interessert i den gamle kraftstasjonen ved Hoelsfossen og i 1997 fekk dei ein kulturminnepris og huset vart sett i stand. Den gongen hadde ingen i tankane at det skulle produserast straum der igjen. Den gamle kraftstasjonen vart bygd i 1922 og leverte straum til Hoel, Heggen, Hjelme, Omenås, Gjerde, Berli, Rem og Remset fram til 1948. Den gongen var det likestraum og då den nye tida kom med vekselstraum og store selskap, la dei ned drifta. Den gongen var det om lag 2000 små kraftverk i Norge. No når kraftprisen og forbruket har stige, er ein klar for å bygge ut dei små kraftverka igjen. Kjell Hoel har samla på historia, intervjua dei som hugsa og funne fram gamle møtebøker og protokollar. No skal kraftstasjonen på Hoel bli eit levande og innbringande kulturminne.

Rådgjevar hjelp
Dei involverte vart raskt einige og arbeidet i forkant har gått greit. Til å hjelpe seg med å forhandle fram avtalar og anna har dei brukt Norsk Kraft, eit rådgjevingsselskap som har spesialisert seg på slikt. Sparebanken Vest er den finansinstitusjonen der dei fekk den beste finansieringa, og i desse dagar driv dei og forhandlar om kven dei skal selje krafta til. Kostnadsrammene på dette prosjektet er på om lag 7 millionar kroner og nedbetalinga skal skje i løpet av 30 år.

Dammen
I dag er arbeidet inne i ein intens fase. Det gjeld å kome seg ut av elva før snøen startar å smelte. Det er Christie & Opsahl som er entreprenør og Busengdal Transport som sprengjer og grev. Arbeidet har gått etter planen, men dei blei litt forsinka av kuldeperioden som var. Mykje av kostnaden ved prosjektet ligg i inntaksdammen. Det arbeidet ein her legg ned, reknar ein med å få att ved å unngå problem med ising og anna. Dammen skal kamuflerast med naturstein og det vil kun vere litt av murane innvendig ved vasspeglet ein kan sjå når alt er stelt til. Vassdraget der dei byggjer, er verna, men dei får ta ut 20 prosent av middelvassføringa. Med den vassmengda har dei rekna ut at dei vil kunne produsere 3GWh gjennom året. Frå inntaksdammen skal det gå 80 meter med røyr med ein diameter på 140 cm, i ei nedgravd røyrgate, ned til kraftsstasjonen som ligg 14 meter lågare enn inntaket. Den einaste plassen røyret vil vere synleg, er når dei kryssar laksetrappa.
– Det er lagt ned mange dugnadstimar, og det har vore eit interessant og spennande arbeid, seier Alf Hoel, ein av dei som er med utan å vere grunneigar.

Kraftstasjonen
I kraftstasjonen skal det stå ein Kaplar-turbin. Dette er ein turbin som er nytta der det er mykje vatn og lite fall. Han verkar som ein propell, der det går ein aksling opp til generatoren. Denne generatoren kan produsere ca. 400 KWh. Turbinen er venta å kome i midten av april, og ei von er at ein kan byrje prøvekøyringa i midten av mai. Eit slikt anlegg har ei levetid på ca. 50 år, så dette er noko kommande generasjonar også kan ha nytte av.
– Det er kjekt å kunne vere med å skape noko som kan vere til nytte for lokalsamfunnet her framme i dalen, og kanskje kunne vere med å skape grunnlag for at andre vil busetje seg og kunne leve av bruka her, seier Kjell Hoel, som er den som har vore pådrivaren for å få dette til. Ein beskjeden kar som ikkje seier slikt noko sjølv, men som det ikkje er noko problem å få andre til å seie.

Vasspark
Området rundt kraftverket har fått tildelt SMIL-midlar på 80.000 kroner. Desse vil ein nytte når utbygginga er ferdig. Ei informasjonstavle skal opp og det skal såast til, lagast benkar og anna, slik at folk kan nytte området. Eit kvernhus ligg klart på eit lager og det skal setjast opp, når den tid kjem.
– Gudmund Hoel, som er arkitekt og brukar plassen i feriane, har teikna ein vasspark, og det er mykje ein kan gjere ut av området på sikt, seier Kjell Hoel og legg til at den ærverdige Hoelsbrua kanskje burde få ein betre utsjånad frå asfalten og opp. Mange med etternamnet Hoel arbeider med elektrisitet, så at det no kjem eit kraftverk her framme, er vel berre rett og rimeleg.