Bustader øvst på ønskelista

Ikkje uventa er gjennomgangsbustader og arbeidsplassar viktigast for ungdom som vurderer å flytte heim.
– No har vi dokumentasjon og må kome over til handling, seier næringssjef Toralv Klokkehaug.

21. mars 2007
Sissel Tiril Rem

TILBAKEMELDINGAR: «Er det slik at vi skal vere til for turistane, eller skal turistane vere til for oss? Kven er viktigast for kommunen, dei som bur her heile året eller dei som besøker oss?»
«Å skulle konkurrere med byar og bynære område mtp å tilby ‘alt’ det som dei har, nyttar ikkje og er etter mi meining bortkasta arbeid. Eg meiner det handlar om kva verdiar ein prioriterer høgast, og då vil dei som verdset dei kvalitetane Norddal kommune allereie har, kome.»

Etter romjulstreffet sende kommunen ut det første «Heimnytt» til dei som hadde vore med. Kommunen ynskte tilbakemelding på treffet og bad ungdommane kome med tre faktorar som er viktige for dei for å kome heim att.
Fjordhagen har no utarbeidd ein rapport på to sider som oppsummerer svara. Dei to tinga som så godt som alle trekte fram, var bustader og arbeidsplassar.
– Kommunen og politikarane må etablere gode butilbod. Mange er ute etter hus, men finn ikkje noko. Då risikerer vi at dei vel andre stader å slå seg ned. Det er litt krise, seier Toralv Klokkehaug.
– Ledige stillingar er det fleire av for augneblinken.
– Men alle er vel ikkje kvalifiserte for dei?
– Nei, men det går godt an å ha med seg arbeid òg. Mange har kompetanse som dei kan bruke i ei ein-, to- eller tremannsbedrifter.

Til formannskapet
Næringssjefen seier at rapporten skal leggjast fram for formannskapet, og at han bør brukast aktivt for å sjå korleis ein bør utvikle kommunen med tanke på busetnad.
– Fortetting av sentrum, kartlegging av ledige gardsbruk og tomme hus er viktig. Kan hende kan ein få folk til å leige ut huset i staden for at det står og forfell.
– Korleis ser du på tiltak som buplikt eller nullkonsesjon?
– Eg har ikkje tru på slike plikter. Folk må få bu der dei vil, men kommunen må leggje forholda til rette. No må vi gjere noko aktivt og byrje å byggje. Det er ikkje nødvendigvis kommunen som skal byggje bustader, men han kan vere pådrivar og leggje til rette for private aktørar med til dømes å skaffe areal og gje rask sakshandsaming.

Press på politikarane
Næringssjefen seier han kjem til å leggje press på administrasjonen og politikarane.
– No har vi granskingar som viser det vi trudde.
– Det har dei vel hatt heilt sidan «Forprosjekt ungdom»?
– No har vi dokumentasjon og må kome over til handling. Vi må kome vekk frå berre å sjå på kor gale det er. Når vi spør, har vi plikt til å gjere noko med innspela og setje av ressursar til det. For lokaldemokratiet er det viktig å få med unge på å ta ansvar for framtida og å vise at vi tek dei på alvor.

Grasrota
Næringssjefen er oppteken av å møte folk uansett alder og yrkesgrupper.
­ – Skal Norddal kommune fungere godt, må vi ha gode kanalar mot grasrota der det skjer. Mange meiner at kommunen er fjern. For oss som arbeider i kommunen er det lettare å gjere eit godt arbeid ved skrivebordet om vi snakkar med «mannen i gata». Det gjev oss to ting: Vi blir inspirerte i arbeidet og vi har større kunnskap om kvar skoen trykkjer. Slik kan vi formidle ønske frå folk oppover i systemet og vere ei kommunal los- teneste.

Ventar nye ting
Somme av dei som har svart på granskinga, meiner at det ikkje er nokon vits å arrangere romjulstreffet kvart år om kommunen ikkje har nye ting å kome med og kan vise til at noko faktisk er gjort etter førre treff.
– Prøveprosjektet var vellukka sidan så mange kom. Form og innhald kan gjerast annleis. Det er viktig at vi melder tilbake kva vi har fått til, og ikkje berre snakkar om det som bør skje. Snart er det val. Mange er opptekne av konkrete resultat, seier næringssjef Toralv Klokkehaug.