Leiarskifte i Storfjordens Venner

Storfjordens Venner heldt årsmøte i Valldal sist laurdag. Asgeir Kvernberg vart vald til ny leiar etter Anne Lise Lunde som hadde sagt frå seg attval.

21. mars 2007
Randi Flø

På årsmøtet vart Asgeir Kvernberg vald til ny leiar etter Anne Lise Lunde.

– Eg har i grunnen vore eitt år på overtid. Og det var ei stor lette då eg fekk vite kven som hadde sagt ja til å ta over vervet som leiar, sa Anne Lise Lunde i det ho ønskte den leiaren lykke til og la til at det er eit privilegium.
Med i styret elles er: Odd Normann Hoff frå Stranda som nestleiar, Finn Nustad frå Eidsdal, Kjell Hansen frå Stranda, Tordis Urke frå Stranda og Ingrid Løset frå Stordal. Varamedlemmer er Jostein Ringdal frå Hellesylt, Synnøve gjærde frå Stranda, Egil Vestre frå Vaksvik og Jon Inge Smoge frå Valldal. Det er vanleg at varamedlemmene møter fast til styremøte.

Årsmelding
Det var ei fyldig årsmelding som vart lagt fram for årsmøtet. Det vitnar om stor aktivitet i ein organisasjon med 1.114 medlemmer. Laget hadde i 2006 eit overskot på vel 400.000 kroner.

Ytste Skotet
Det er Storfjordens Venner som eig Ytste Skotet der det er sett ned ei stifting. Avtalen er nyleg justert og fornya for ti år.
Det har vorte laga ein prioritert tiltaksplan for vedlikehaldsarbeidet på Ytste Skotet, der Asgeir Kvernberg tok på seg oppgåva som prosjektleiar.
Han fortalde om ein dyktig arbeidsgjeng som gjer ein god jobb. I fjor tok dei mellom anna ut omnen i veslestova. Det har vore store utbetringar i tunet og dei har teke til med å skifte låvebrua. Elling Vesterås har grøfta med gravemaskin, og det har vore ein del reparasjonar av råsa.
I 2007 håper dei å få skifta skorsteinspipene, noko som må skje utanom elevsesongen. I tillegg er planen å skifte takrenner. Det treng meir grus ved skylet og området utanfor doa.

Hjelle-løa
Eit anna prosjekt er Hjelle-løa, ei lita utmarksløe som ligg vest for tunet på Ytste Skotet. Her har dei rydda og opna landskapet ein del for å begynne å byggje opp att. Murane står der, dei har fått opp grindene og skal etter planen avslutte alt arbeidet i år. Materialen er handsaga, og det blir brukt berre lokal material. Den løa er spesiell i og med at ho er kortare på lengda enn ho er brei i forhold til mønet.
Neste prosjekt er storeløa, som ligg lenger framme, det er eit stort prosjekt.

Skageflå
Odd Normann Hoff orienterte om arbeidet som er gjort og planlagt på Skageflå. Siste innspurten ser dei føre seg etter påske, då er restaureringsarbeidet som starta i 2004 fullført. Det som står att er å fullføre restaureringa av dei to stovehusa. Dei skal byggje opp att grua i øvstehuset, eit arbeid Per Kjell Holtleite har teke på seg.
Han vil også vere med på trearbeid både ute og inne saman med Kåre Løvoll og Helge Lid.
– Arbeidet vil gå føre seg i hovudsak i mai, sa Hoff og la til at 9. juni vil det vere offisiell overrekking av tunet til grunneigarane.
– Då vil det stå fiks ferdig, og dette er det største arbeidet Storfjordens Venner har tatt på seg, sa han.
9. juni er ein laurdag, dagen før sommarstemnet på Kvennhusneste, og Hoff meinte det kan vere eit ypparleg høve for folk å få seg ei heil helg med tur.

Logoløa
Løa som er avteikna i logoen til Storfjodens Venner er ei lita utløe som ligg mindre enn 500 meter frå Ørnesvingen. Løa er heilt spesiell, ikkje minst på grunn av at det er ein stor steinhellar som utgjer endeveggen. Denne løa skal no restaurerast, eit arbeid Per Kjell Holtleite har teke på seg å gjere i løpet av sommaren.
Løa ligg ved råsa på veg utover mot Gomsdalen. Stien her skal også ryddast.