Vårstemning i kyrkja

Etter ein strålande søndag var det godt å setje seg ned på ein kyrkjebenk å ta imot vårstemning i ord og tonar.

28. mars 2007
John Kristian Hjelle

Stordal hornmusikklag og koret Tonika laga varm vårstemning i Stordal kyrkje søndag.

Konserten var eit samarbeid mellom Stordal honrmusikklag og koret Tonika. Dei hadde sett saman eit program med kjende verk for å feire at Stordal kyrkje er hundre år i år.

Vår i lufta
Dei om lag 20 korpsmusikantane opna med «Våren» av Grieg, heldt fram med «Air» av Bach og «Nessun dorma» av Puccini, tre rolege musikkstykke som fall godt inn i skymingsstunda. Sidan den faste dirigenten er sjukmeld, hadde dei fått ein vikar frå Vestnes musikkskule, Jonathan Hamel, som berre hadde hatt to øvingar med musikarane før konserten.
Siste stykke for hornmusikken var Koral i kontrast, eit stykke som bar namnet sitt med rette. Frå det vare vakre til kraftfull kraft med fullt slagverk.

Solid solist
Mellom dei to avdelingane spelte Larissa Mikkelsen eit stykke på orgel. Ho heldt fram med å akkompagnere koret både på piano og orgel.
Tonika opna med «Bred dina vida vingar». Neste nummer var «Fastetid» med Roger Lillebø som solid solist frå galleriet, eit krevjande nummer der koret famla litt. Dei henta seg fint inn att i «Hosianna». Her fekk dei hjelp frå trompetar frå korpset. At koret berre talde 15 medlemmer er nesten ikkje til å tru.

Fellesnummer
Siste avdeling var fellesnummer med kor og korps. Då hadde musikarane songe og spelt seg så varme, at både «Slavekoret» av Verdi og «Landkjenning» av Grieg var ei oppleving. Finalen var den kjende «Hellige stad» med Roger Lillebø som solist igjen.
Straks siste nummer var ferdig, spratt publikum opp i ståande applaus.
– Ta siste verset om att!, kom det frå salen og han fekk det som han ville.
Kor og korps tok ein reprise og fekk med seg publikum i songen til slutt.