Ordførarkamp i Senterpartiet

På nominasjonsmøtet i Norddal Senterparti vart det kamp mellom Merete Løvoll Rønneberg og Arne Sandnes om å stå øvst på lista. På førhand hadde Senterpartiet fått meir enn hundre nye medlemmer og 122 røysteføre møtte fram på kafeen i Eidsdal torsdag kveld.

28. marsl 2007
Randi Flø

Merete Løvoll Rønneberg tapte kampen om førsteplassen på lista til Senterpartiet for Arne Sandnes.

Det var tydeleg at det hadde vore mobilisering for begge kandidatane.
Nominasjonskomiteen la fram ei delt innstilling, einaste skilnaden var at på den ein stod noverande ordførar Arne Sandnes øvst på lista og på den andre stod noverande varaordførar Merete Løvoll Rønneberg.

Trekte seg
Etter den skriftlege avrøystinga var det klart at det var 71 av dei som røysta som gjekk inn for Arne Sandnes som ordførar, medan Merete Løvoll Rønneberg fekk 51 av røystene.
Løvoll Rønneberg ga beskjed om at ho ikkje ønskte å stå på lista til kommunevalet. I tillegg til ho var det også fem andre som trekte seg frå lista.
Oddvin Myklebust og Torunn Løen Mechior, som er med i nominasjonskomiteen, sa også at dei trekte seg frå det vidare arbeidet i denne omgang. Dei var ikkje motiverte til å finne fleire til å stå på lista. Den endelege lista vart vedteken etter eit endeleg nominasonsmøte tysdag kveld, etter at Storfjordnytt var trykt. Leiar i nominasjonskomiteen, Per Magnus Berdal, seier det har vore vanskeleg å finne folk frå sørsida som no vil stå på lista.

Kort kommentar
Merete Løvoll vil ikkje kommentere så mykje i etterkant av det første nominasjonsmøtet. Først vil ho ha ei oppsummering internt i partiet. Ho viser dessutan til eit innlegg ho har i dagens utgåve av lokalavisa.
Ho seier at grunnen til at ho stilte som kandidat er at ho har vorte spurd av fleire om å gjere det. Det er ein del ting ho er sterkt usamd i korleis det vert gjort. Det handlar delvis om arbeidsmåtar og delvis om politikk.
– Kvifor vil du ikkje stille på ei anna liste no?
– Det ville vere for uryddig, eg står for det eg har gjort heile vegen, seier ho og legg til at ho nok skal få tida til å gå om ho ikkje skal vere med i kommunepolitikken dei komande fire åra.
– Det har vore snakk om ei bygdeliste frå sørsida. Kva seier du til det?
– Der er eg soleklar: Bygdelister er noko av det mest øydeleggande for fellesskapet. Det kjem eg aldri til å stille på. Eg ønskjer å bidra til fellesskapet og kunne diskutere ope og ærleg. Kommunepolitikken skal vere til beste for totalsituasjonen i Norddal.
– Kva trur du om klimaet i kommunen når det gjeld nord-sør?
– Somme har brukt denne kampen som ein strid mellom nord og sør, men det er reinspikka tøv. Mitt kandidatur hadde ingenting med nord-sør å gjere. Det vart fremja på bakgrunn av ei heilskapstenking. Det var mange på nordsida som støtta meg. No må vi begynne å få opp augene for kva vi held på med og prøve å få fram dyktige folk. Det spelar inga rolle kva side av fjorden dei bur på, avsluttar ho.

Overraska
Arne Sandnes seier han vart overraska då han først vart kjend med at Merete Løvoll Rønneberg ville utfordre han og det viste seg at det vart mobilisert rundt begge kandidatane.
– Det er positivt å få engasjement rundt saker. Det som er klart frå mi side er at det aldri har vore veksla eit vondt ord mellom Merete og meg. Vi deler det politiske grunnsynet, men det er openbart at vi har vore ueinige. Spesielt når det gjeld Muriparken har vi hatt ulike syn. Der har Merete hatt eit anna syn enn fleiralet i kommnestyregruppa.

Bekymra
På møtet i Eidsdal var det ein som sigra og ein som tapte, men det som bekymrar Sandnes etter møtet er at alle vart taparar. Med slike frontar er det heile kommunen som taper, spesielt når dei på sørsida kastar korta. Om det skal verte ei geografisk konflikt med hovudlinje langs fjorden, er han verkeleg bekymra.
– At Senterpartiet er splitta er til å leve med, men om kommunen skal bli det, er det alvorleg. Det har vi ikkje råd til, seier Sandnes og viser til at her er så mykje spennande på gang.

Verkeleg årsak
Sandnes seier han etter møtet har spekulert mykje på kva som kan vere den verkelege årsaka til splittinga. Verken kjønn, alder eller leiarstil slår han frå seg. Han har kome til at det handlar om økonomi, og då særleg om Muriparken, som han kallar ei storsatsing når det gjeld utvikling og omstilling. Prosjektet krev ressursar både når det gjeld økonomi og personell.
– Somme oppfattar dette som dei Valldal-sak, men det vil eg avkrefte. Det gjeld for heile kommunen. Alle bygder vil profittere på dette, og det kan ikkje etablerast i ei anna bygd i kommunen. Det er ei misforståing at det blir brukt så mykje pengar her at det ikkje blir noko til sørsida, seier han.

Episode
Han håper at folk vil leggje bak seg dette og sjå på det som ein episode, slik at det ikkje blir opne sår mellom bygdene.
– Vi må besinne oss og sjå kva som bitt oss saman. Vi har eit felles ansvar for Norddal kommune framover og treng ikkje indre stridar, seier Sandnes og legg til at han ser på dette som eitt av dei minst ærefulle kapitla i Norddal Senterparti, eit kapittel han gjerne skulle ha vore utan.

Stil
– Er det noko du vil beklage? du har mellom anna fått kritkk for det lesarinnlegget som mellom anna gjekk til åtak på Merete og andre frå sørsida.
– Eg har min stil. Eg har lese innlegget opp att og i etterkant må eg seie meg samd med fleirtalet som meiner at vi har køyrt prosessen på ein god måte. Ein ordførar må også få gi uttrykk for meiningar og fakta. Viss eg fornærma nokon frå sørsida med dei formuleringane i starten av lesarinnlegget, er eg lei for det. Men eg ser det ikkje som noko anklage mot sørsida. I mange saker har dei vore kritiske og hatt andre framlegg til vedtak. Mi vurdering er at dersom dei hadde gått gjennom, hadde vi ikkje kome så langt med Muriparken som vi er i dag, avsluttar Sandnes.