Ja, dei påstår det at eg blir 100 år denne månaden, smiler Hjalmar, og når eg spør kva ein 100-åring tenkjer på, smiler han eindå meir og seier:
Det same som dei fleste andre. trur eg. Ein skilnad er det vel på dei som skal opp og fram i verda og dei som har gjort frå seg, legg han til.
Den 18. april er dagen og det meste av dei hundre åra har han budd på det vesle bruket på Hatlestad i Norddal.
Det viktige
Hjalmar tok tidleg til å arbeide, fyrst i lag med far sin som bygningsarbeidar og så ein tur til Ålesund i fiskeindustrien. Då var han 19 år, men etter ei stund vart det lite med arbeid til alle der også. Med eit så lite bruk har det alltid vore behov for meir å leve av.
Å finne ein leveveg har for meg vore det viktigaste. Eit fast og innbringande arbeid var målet den gong, seier han.
Han fekk det på møbelfabrikk i Liabygda der han arbeidde i mange år. Men før den tid var han nokre turar på ishavet på selfangst. I Liabygda arbeidde han på fleire møbelfabrikkar før han fekk arbeid på ein fabrikk i Eidsdal. Då vart alt lettare, sidan han var nærare heime.
Har det bra
På open omsorg i Valldal har han det bra, seier han.
God mat og godt stell og så har eg ei dør rett ut på verandaen eg kan late heilt opp.
På veggene heng bilete frå Dalsbygda og av grannar, dottera Gunnvor kjem innom jamt, åleine eller saman med grannar. Då han måtte amputere foten, vart kvardagen annleis. Det er rart med det når du er van med å greie ting på eiga hand og så blir plutseleg alt annleis. Men det gjeng alt, berre ein finn seg i det, seier Hjalmar Hatlestad.
Eg får følelsen av å snakke med eit takksamt og audmjukt menneske når eg sit på rommet til Hjalmar Hatlestad. Han lagar ikkje store ord, men smiler jamt og meiner det.
Det har vore ein fin dag i dag og det vert vel ein liten tur ut om ikkje lenge, seier han.
Ein tenkjer ikkje framover
Tenkjer du tilbake, spør eg. Ja, ka trur du, smiler han.
Det er den vegen tankane drar, eg tenkjer ikkje framover. Det gjeld å ikkje tenkje seg fast, ein må flytte tankane og helst på det som er positivt, legg han til.
Hjalmar er sportsinteressert og det meste av sport er av interesse. Men det er nesten som om det vert for mykje av alle slags konkurransar i dag. Det vert ikkje same gleda når det heile tida skjer noko, seier han. Eg konkurrerte litt for moro skuld og for å halde meg i form før i tida, men noko meir blei det ikkje til.
Bygda
Dei fleste som har vakse opp i Dalsbygda, kjem tilbake når dei har ei ledig stund, ein blir glad i ein slik plass. Men ein må ha noko å livnære seg av skal ein bu der. Eg kan hugse for lenge sidan, då det var så lite å gjere at heile 12-14 personar reiste til Amerika, seier Hjalmar.
Og når folketalet gjeng ned, kan kvar og ein sjølve tenkje kva veg det går, seier han. Om han skal tilbake til bygda veit han ikkje, tida gjeng så fort, seier han med det lure smilet sitt. Ei sein ettermiddagssol kjem inn vindauga på stova når kveldsmaten vert servert. Betjeninga vimsar rundt og ordnar opp, medan praten frå nabobordet lurer på om det ikkje var ein skifabrikk i Eidsdal ein gong. Jaudå, framme ved brua det, svarar ein myndig. Ikkje alle pratar, men dei finn noko saman for det. Ein sit der og får både graut og anna og det heile vert avslutta med ein kaffikopp. Etter nokre timar vert Hjalmar rulla tilbake til rommet sitt nederst i gangen på open
|
|
|