Kva er Geiranger?

Geiranger skal vere verken Disneyland eller eit friluftsmuseum der alt blir verna. No skal det lagast ein plan som både kommunen og innbyggjarane skal ha i bakhovudet i tida framover.

3. april 2007
Randi Flø

nausta er eit heilt spesielt innslag i bygdebildet.

Stranda kommune og Møre og Romsdal fylke har inngått ein partnarskapsavtale, der begge partar deltek både når det gjeld finansiering og vidare praktiske tiltak.
Asplan Viak er innlegd for å utføre ein stadanalyse, som Arthur Wøhni og Harald Tallaksen skal arbeide med. Frå fylket er Arne Dag Gjærde engasjert. Astrid Eide Stavseng som er planleggar i Stranda kommune, er prosjektkoordiantor.

Ressursgruppe
Arbeidet er kome i gang. Det er sett ned ei ressursgruppe på rundt 20 personar. Gruppa er sett saman av folk frå Geiranger med ulik bakgrunn, kjønn og alder.
Denne gruppa hadde si første samling måndag i førre veke. Under leiing av konsulentane tok dei systematisk føre seg ulike sider ved bygda, rangerte styrkar og svakheiter, muligheiter og truslar.

Folkemøte
Tysdag kveld var det folkemøte, der mellom anna resultata frå ressursgruppa sitt oppsett vart kommentert og justert.
Harald Tallaksen frå Asplan Viak sa at oppstarten av arbeidet med ein stadanalyse er i gang. Analysen skal setje kunnskap i system. Det handlar både om histore, situasjonen i dag og muligheiter i framtida. Det skal gi kunnskap om kvifor det har vorte slik. Analysen er sterkt retta mot det fysiske miljøet.
Føremålet er å mobilisere og medverke. Den skal gi grunnlag for ei felles forståing av situasjon og vegval. Dei skal gå gjennom og evaluere dei planane som finst for området. Det skal kome retningslinjer for vidareutvikling av byggeskikken, og det skal munne ut i ein visuell profil for felles rom.

Avgrensa
Det er eit avgrensa område rundt sjølve bygda det skal lagast ein plan for. I analysen skal det vere ein del som skildrar ulike forhold som natur og landskap, historisk utvikling, arealbruk, særtrekk i bebyggelsen, potensial for utvikling og behov for å ta vare på stadeigne kvalitetar.
Samstundes skal det vere eit framtidsbilde eller ein visjon. Her skal det finnast ein overordna utviklingsmodell. Det skal vere lokale strategiar i forhold til kulturminne og kulturmiljø og vidare utvikling av bebyggelse og trafikkmønster.
– Folk må bli samde om kva som er Geiranger, sa Tallaksen.
Ei kulturminneregistrering skal også gjennomførast, der om lag 70 ulike bygningar skal registrerast og tilstanden vurderast. Dette gjeld bygningar frå før 1950. Alle eigarar vil få informasjon om dette.

Skråblikk
Tallaksen var i Geiranger for første gong i januar i år. Med seg på folkemøtet hadde han ein del bilde frå ein rusletur med positive briller. Han viste til at det ligg ein heilskapleg tanke bak det nye kaianlegget. Nausta med dei flotte vórane er verkeleg spennande. Han viste bilde av smale smug og små detaljar, artige små hus og detaljar frå bedehuset, fine vegmurar og den gamle karftstasjonen som står som er kyrkje. Frå kulturlandskapet viste han murar, trapper og klopper.
Byggefeltet syntest han var meir tvilsamt, der mange hus ropar om merksemda. Minigatelys à la Paris forstod han ikkje poenget med. Han viste bilde av bygda nede ved fjorden med ganske store flater som ikkje er i bruk, mykje asfalt og grus. Fleire av bilda viste døme på halvhjarta og midlertidige tiltak. Det som møter folk ved inngangen til gågata, er ein telefonkiosk ved sida av ei bud med mange plakatar og teiknestifter på.
– Det ser ut som det berre vart slik, kommenterte han.
Tallaksen likte heller ikkje bussgarasjen og brannstasjonen midt i syninga.

Bakgrunn
Arthur Wøhni tok føre seg bakgrunnen for dette arbeidet som no er sett i gang. Han viste til at Geiranger har om lag 500.000 gjester i løpet av fem månader. Verdsarvstatusen er på plass. Bygda har over 100 års tradisjon som turiststad. Området har eit heilt unikt kulturlandskap. Det er eit lite lokalsamfunn med rundt 240 innbyggjarar.

Utfordringar
Ressursgruppa hadde dagen i førevegen sett opp ein del utfordringar, som dei frammøtte på folkemøtet kommenterte. Mellom dei største utfordringane er turisttrykk, trafikkproblem, balanse mellom vern og utbygging, å ta vare på identitet og særpreg og byggeskikk.
Wøhni understreka at det er viktig at dette arbeidet ikkje blir berre nokre råd frå konsulentar som kjem untanfrå. Dei vil forankre arbeidet i folkemøte, slik at det ikkje blir berre eit papirprodukt. Det skal vere eit nytt folkemøte i slutten av august og endå eitt når planen er ferdig rundt 1. oktober.

Sterkt og svakt
Av sterke sider var det nemnt kulturlandskapet, eit sterkt merkenamn og eit levande bygdesamfunn som fungerer heile året.
Under svake sider kjem vegar og parkering, nedtrapping av landbruket med attgroing, dårlege kommunikasjonar om vinteren og eit einsarta nærinsgliv.

Heilårsveg
På folkemøtet var temaet veg det som vart mest fokusert. Dersom dei skal klare å utvide sesongen, må bygda ha sikker veg heile året, og då er det snakk om heilårsveg mellom Eidsdal og Grotli.
Dessutan var mange opptekne av å få orden på trafikkproblema om sommaren, spesielt når det gjeld alle bussane. Eit framlegg gjekk på å lage hol i fjellet for å få parkering.
Største trusselen er flodbølgja frå Åknesremna. Her etterlyste mange meir informasjon. Andre truslar er nedlegging av fleire gardsbruk og meir attgroing, auka forurensing og fråflytting.