Mellom to permar

Familien Eisma flytta til Norge og Stordal i 2004, og her har dei tenkt å verte verande. Lottie er utdanna bokbindar, eit handverk som ho gjerne vil drive meir med.

11. april 2007
John Kristian Hjelle

Vi likar oss godt i Stordal og på Overøye, seier Lottie Eisma og borna (frå venstre) Sinne, Jitte og Hielke.

Vi treffer Lottie Eisma saman med ungane i campingvogna dei har ståande på Overøye, og som dei nyttar som feriebustad i påskeferien.
Det er første vinteren dei har campingvogna ståande her, og dei har vore her heile påska. Mannen Riemo er med og hjelper til i skitrekket, og akkurat i dag er han heisvakt. Han har byrja å lære seg å renne på snøbrett, og Lottie skal lære seg å renne på slalåmski. Riemo hadde prøvd ski eit par gongar før dei kom til Noreg, medan Lottie aldri hadde hatt ski på beina før ho prøvde seg på langrennski i fjor.
– Ungane er mykje flinkare enn meg. Eg har prøvd slalåmski no i påska, men dei berre flyg forbi; ”hei mamma”, og vips er dei vekk, seier ho med eit smil.
Familien Eisma er mor Lottie og far Riemo saman med ungane Jitte (8), Hielke som vert seks år i år og skal byrje på skulen, og tvillingane Tieme og Sinne som vert fire år i år.

Tettstad
I Nederland budde dei i den vesle tettstaden St. Johannesga som har om lag 1.000 innbyggjarar, like mange som Stordal. St. Johannesga ligg nær storbyen Herenveen i provinsen Friesland. Riemo kjem opprinneleg frå Friesland, og er der vaksen opp med frisisk som daglegspråk. I Friesland har dei nederlandsk som andrespråk på skulen.
Dei flytta til Noreg mykje på grunn av at i Nederland budde dei i eitt av fire mindre rekkjehus, og dei tykte dei etter kvart fekk liten plass.
– I Norge har vi no mykje større og rimelegare hus, og med ein hage som er større enn kva dei fire rekkjehusa i Nederland hadde tilsaman. I tillegg følte vi at vi sat litt fast i høve til plassen vi budde på og moglegheitene til arbeid i nærområdet, fortel Lottie.
– I Norge er det mykje vill natur og unytta friområde, i Nederland er nesten kvar centimeter i bruk til eit eller anna. Her kan ein berre gå ut nesten kvar ein vil, og ha store område ein til dømes kan gå på tur i. I Stordal har vi i tillegg fått ein leikeplass som nabo. Det var viktig for oss at vi fekk meir plass rundt oss og at ungane kunne leike meir fritt. At ein i Norge startar noko seinare på skule tykkjer vi og er bra. Jitte gjeng i andre klasse, Hielke skal byrje i første klasse til hausten, medan Tieme og Sinne gjeng i barnehagen. Jitte spelar fotball, og alle går og renner seg på ski.

Bilmekanikar
Riemo, som er bilmekanikar, var i Norge på jobbintervju i Ørskog samstundes som han kika seg rundt i Stordal. Han såg mellom anna på skule og barnehage, og reiste attende til Nederland med mange bilde.
I juni 2004 reiste Eisma ein tur attende til Noreg saman med Lottie, og dei såg seg rundt saman for å forsikre seg om at dei no gjorde det rette. Då dei flytta i august hadde Riemo fått jobben på Ørskog, og dei hadde kjøpt huset dei no bur i i Vinjehjellane i Stordal.
– I sommarferien for to år sidan køyrde vi med campingvogn til Nederland og besøkte slekt og venner. Vi har òg hatt kortare besøk av slektningar her i Norge. Elles held vi mykje kontakt med heimlandet ved hjelp av Skype på internett, fortel Lottie.

Bokbindar
Lottie er utdanna bokbindar. Ho gjekk i lære og lærte seg dette yrket. No til dags er det mykje maskiner som vert nytta, men det ho gjer, er handverk.
– Etter at ungane vart fødde, jobba eg litt med dette i Nederland samstundes som eg var heime med ungane. No har eg byrja å ta på meg oppdrag her og, og vi driv no og innreier eit arbeidsrom heime. Førebels har eg berre teke på meg nokre oppdrag, og eg har og vore med på julemessa her i Stordal og synt fram eksempel på kva eg gjer og kan gjere, som til dømes små miniatyrbøker som ein kan ha som øyrepynt. Samstundes som det òg var litt for sal.
Ho fortel at det var ein del som då snakka om gamle minnebøker og fotoalbum dei gjerne kan tenkje seg å få reparert og sett istand. Det er ein type oppdrag ho tek på seg.
– Eg lagar òg små eller store tilpassa oppbevaringsesker til gamle bøker ein vil ta vare på, og andre små eller store spesielle esker for til dømes å ta vare på småting frå borna er små og som dei kan ha til seinare i livet. Eg kan lage mykje på bestilling. Eg har laga spesiallaga fotoalbum frå bryllup, og skal binde årgangar av aviser til bøker.
Ho har funne ein leverandør av alt nødvendig materiell her i Noreg, tidlegare har ho bestilt slikt frå Nederland.
– Eg skal prøve å utvide denne verksemda no etter kvart som rommet heime vert ferdig, mellom anna ved å delta på ulike messer og kanskje annonsere ein del. Førebels arbeider eg ein del i barnehagen ved sida av. Vi likar oss godt i Noreg og Stordal, og satsar på at her skal vi verte verande, avsluttar ho.