Arbeidet med kunstgrasbane i gang

Fredag i førre veke sette Busengdal maskinene i sving på Kirkebø stadion. Det er no ni-ti veker til årets Stor-dalscup, og då skal ein etter planen kunne halde turneringa på ferdig lagt kunstgras.

11. april 2007
John Kristian Hjelle

No er vi igang! Ordførar Charles Tøsse og leiar i byggenemnda Jan Are Remme med spade.

Jan Are Remme, leiar i byggenemnda, fortel at anleggsvegen frå stadion til Vinjesanden skal vere klar i dag. Massen som vert teken av bana skal då lagrast der.
– Noko skal seinare nyttast til planering rundt kunstgrasbana, fortel han.
– Molda skal av, men vi kjem til å nytte morenemassen som ligg under på nytt. Når morenemassen er retta av, legg vi ei fire centimeter tjukk ”metallmadrass”, ei sokalla ”pad” over denne. Oppå der att vert det 16 centimeter med sand, før kunstgraset vert lagt oppå der att. Kunstgraset vert ei blanding av typen splittfibergras og vanleg rett kunstgras. Når vi legg ein slik ”pad” kan vi nytte eit kortare kunstgras, og dermed òg mindre innfyllingsmasse i kunstgraset, seier Remme.

Dugnadsarbeid
Etter intensjonane skal sjølve bana med kunstgras vere på plass til Stordalscup som byrjar 29. juni. I tillegg skal løpebana vere asfaltert slik at ho er klar for å legge tartandekke. Byggjenemnda skal no få på plass ein dugnadsplan og arbeidslister, og Jan Are Remme oppfordrar alle til å finne fram dugnadsånda og stille på.
– Det vert ein kort og intensiv dugnadsperiode. Samanlikna med til dømes dugnadsarbeidet på Stordalshallen vert mykje av arbeidet i stor grad vere noko spesialisert. Det vil vere behov for mykje maskinkøyring, så mange maskinkøyrarar i Stordal vil verte sette opp på dugnad.
Det vert òg anna arbeid som må takast på dugnad, mellom anna ein del rørlegging og fylling av masse i grøfter. Det skal settast opp ein ny ringmur med gjerde, og det vert ein del planering og tilstelling rundt sjølve bana.
– Kanskje vi kan oppfordre 17. mai-komiteen til å arrangere ein konkurranse med å plukke småstein, seier han på spøk.

Aukt aktivitet
– Alle stader dei har bygt denne type anlegg, ser ein ei stor utvikling og auking av aktivitetar knytte til anlegget, seier ordførar Charles Tøsse.
– Vi håper og trur at dette skal verte resultatet her i Stordal òg. Dette vil vere med på å styrke tilbodet til born og unge i konkurranse med dei stadig meir mangfaldige og lett tilgjengelege stillesitjande aktivitetane. Eg såg nettopp eit fjernsynsprogram der dei tok opp det faktum at stadig yngre menneske opplever å verte diagnostiserte med livstils-
sjukdommar på grunn av for lite aktivitet, og det byrjar å verte vanleg at yngre vert undersøkt for dette i standard helseundersøkingar.

Hjelp frå kommunen
– Folk frå teknisk etat har hjelpt til med å rydde skog for anleggsvegen og vil vere med å hjelpe til vidare òg. Eg vil gi ros til Busengdal Transport for at dei har stilt på så kjapt og effektivt no når vertilhøva tillét at vi kunne sette i gang med arbeidet, avsluttar Remme.