| Verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland i samarbeid med Prosjekt Matmangfold i Møre og Romsdal Bondelag inviterte onsdag 11. og torsdag 12. april matprodusentar i Møre og Romsdal og serveringsstader og reiselivsbedrifter på Sunnmøre til ein kreativ arena på Union Hotel i Geiranger, der lokal mat stod på menyen
Matmangfald
Prosjektleiar Solveig Brøste Sletta seier at bakgrunnen for tiltaket er å få fleire serveringsstader i og kring verdsarvområdet til å servere lokalprodusert mat og at fleire lokale produsentar skaffar seg eit breiare kontaktledd til reiseliv- og restaurantnæringa.
I etterkant av samlinga vil dei utvikle eit lite menyhefte for verdsarvområdet som kan gje inspirasjon og kreative innspel til lokale serveringsstader og deira lokale kjøkken.
Torsdag var salen full av lokale matprodusentar. Her var alt frå røykalaks og spekemat til urter og lefser.
Meny
Den kjende radiokokken Mindor Klauset og kjøkkensjef ved Union Hotel, Kenneth Løken, brukte god tid på å rusle rundt mellom produsentane. Dei hadde som mål å plukke med seg ein sort mat frå kvar. Av dette skulle dei setje saman ein meny.
Resultatet vart fire rettar. Først ute var ein forrett med røykalaks i snikalefse. Sidan kombinerte dei fleire ostar med spekemat. Hovudretten var Geirangerpølse saman med lammelår. Til dessert laga dei ei blanding av jordbær og bringebær i tillegg til eplesuppe.
Stolt
Eg er stolt av produsentane, sa prosjektleiar Solveig Brøste Sletta etter at arrangementet var over.
Ho var glad for å sjå det store mangfaldet som finst når det gjeld produksjon av lokal mat i mindre skala.
Eg opplevde dette som svært matnyttig, seier Katrin Blomvik i Destinasjon GeirangerfjordTrollstigen.
Også ho seier seg mektig imponert over produsentane. Ho var ikkje klar over at det finst så mange produkt som er lette å bruke i serveringsbransjen. Blomvik skulle gjerne sett at der var fleire representantar frå hotell- og reiselivsnæringa på Sunnmøre.
Det har utkrystallisert seg to ønskje frå dei som deltok. Det eine er at dette vert eit årleg arrangement, eventuelt meir utvida. Det andre er at dei ser behovet for å samle produsentane i fylket meir, ved å samle dei små og dei store, vil ein ha ein felles kanal utover. Dei store aktørane kan ikkje forholde seg til alle.
|