På jakt etter storfisken

Mange prøvde fiskelykka under konkurransen i Valldal i helga. Berre ein fekk sjøaure, og det var Karl Hoel.

25. april 2007
John Kristian Hjelle

Frå registreringa av fisket søndag morgon. Når fiskarar samlast vert det gjerne ei fiskehistorie eller to, og her verkar det som om Karl Hoel kanskje har hatt fleire på kroken. At det er meir sjøaure i fjorden såg vi ved sjølvsyn rett før dette bildet vart teke, då hoppa det ein fin ein heilt ved land i Muribugen der registreringa føregjekk.

Norsk Jeger- og fiskerforbund (NJFF) arrangerte i helga konkurranse for å kåre Noregs beste sjøaurefiskar. Konkurransen gjekk føre seg i 22 timar frå klokka 12.00 på laurdag til klokka 10.00 på søndag på 85 stader rundt om i Noreg, og totalt deltok 1500 fiskarar i konkurransen.
Ein av desse 85 stadane var Valldal, og leiar i Valldal Jeger- og Fiskeforening, Per Magnus Berdal, fortel at det var 14 fiskarar som var med i konkurransen her.
Om lag halvparten av desse var lokale fiskarar, og av desse var det ein som kunne levere inn fangst for registrering og som vart kåra til den lokale vinnaren.
Fiskaren heiter Karl Hoel, og han kunne nøgd konstatere at han hadde landa ein fin fisk på 58 cm og 1,76 kilo. Minstemålet for sjøaure er 35 centimeter, er den mindre enn det må ein setje han ut att. Fisken tok han med ein sluk av typen ”Morill” på Tanganeset på Linge klokka 9 søndag morgon.
Den største sjøauren på landsbasis som vart fiska, var på 78 centimeter, og vart teken i Surnadal av ein fiskar ved namn Emil Fiske.