| Ho og sambuaren Espen Heitmann har nyleg kjøpt Sjøkanten Mat og Vinhus i Eidsdal. Namnet blir no Sjøkanten Kafé, og overtakinga skjer allereie 1. mai.
Utelivsbransjen
Kafeen i Eidsdal har vore ute for sal ei tid. Britt Ingunn og Espen la inn bod og tysdag i førre veke fekk dei tilslaget.
Bakgrunnen er det ikkje noko i vegen med. Espen har arbeidd på utestader på Aker Brygge sidan han var ung. Frå tidleg på 80-talet til seint på 90-talet har han jobba i utelivsbransjen og vore innom alt frå oppvask og servitør til dørvakt.
Dei to fortel at dei har snakka om det lenge, at om kafeen i Eidsdal skulle verte til sals, ville dei melde si interesse.
No jobbar Espen i Oslo, i friveka er han heime i Eidsdal. Han ser føre seg at dei på sikt kan leve av nykjøpet og at han dermed får vere heime heile tida.
Ingen revolusjon
For å roe ned alle må vi understreke at vi etter beste evne kjem til å vidareføre det Marit har gjort, seier Britt Ingunn.
Dei lovar at det ikkje blir store endringar. Folk skal framleis få kome på onsdagsbingoen og samlast like mykje som før. 17.mai-buffeten vert halden i hevd. Det same gjeld arrangment av barnedåpar, konfirmasjonar og møte. Eit av dei første blir ekstraordinært årsmøte i Norddal Høgre, der begge er med.
I utgangspunktet vil dei også halde på menyen, men reknar med å kunne utvide etter kvart. Det gjeld også vareutvalet ellers.
Noko av det som kjem er storskjerm, der fotballkamp søndag kveld frå norsk eliteserie blir fast i tillegg til ein del andre kampar. Laurdag med Grand Prix vert det også mulig å få med seg på kafeen i Eidsdal. Andre aktivitetar er dei også opne for.
Vi vil sjå kva folk vil ha. For oss blir det å prøve seg fram og finne ut kva som er populært. Vi blir svært glade om folk kjem med framlegg om tilbod dei ønskjer eller noko dei saknar, seier dei to nyslegne kafeeigarane.
Opningstider
Dei er enno ikkje sikre på kva opningstider dei vil operere med. I alle fall blir det ikkje kortare enn no. Dei har ein idé om å opne tidlegare om morgonen i sommarhalvåret for å kunne servere frukost til til dømes campinggjester og andre.
Det er berre å hoppe i det, seier Britt Ingunn, som kjem til å vere åleine om det når Espen er i Oslo på arbeid.
Vi ber om tålmod og forståing og lovar at vi skal gjere så godt vi kan, legg ho til.
I løpet av sommaren skal dei pusse opp fasaden og fikse ein taklekkasje. Andre bygningsmessige endringar blir det ikkje førebels. Dei håper å få til utvida uteservering, slik at det blir også i andre etasje med flott utsikt i kveldssola.
Vi må først og fremst finne ut av marknaden både for fastbuande og gjennomreisande og er opne for alle gode råd og idear, seier dei to som gler seg til å ta fatt.
Avlstningsfest
Marit Homlong, som har drive kafeen siste år, ønskjer dei nye eigarane lykke til. Ho seier at det er helsemessige årsaker til at ho gir seg. Dessutan har ho ein campingplass og ein liten kafé i Geiranger som ho vil konsentrere seg om.
For å takke for seg byr ho inn til fest laurdag med mat og dans. Søndag blir det restebuffet. Marit takkar alle gjester ho har hatt gjennom åra.
|
|
|