Ny vår

Torsdag heldt elevar konsert med vårleg preg på omsorgsbustaden i Liabygda.

2. mai 2007
Sissel Tril Rem

Elevane i Liabygda song på omsorgsbustadane i Liabygda.

Tilhøyrarane var på plass i stova i god tid før elevane rigga seg til med notestativ og keyboard rundt pianoet. 27 elevar frå 3.-7. klasse og musikkskulen fekk plass bak «scena» og nedover trappa.
– Det er eit sikkert vårteikn at vi kjem hit, sa lærar ved musikkskulen, Turid Skogly.
– Vi skal høyre einskildelevar ved musikkskulen først. Dei fleste på piano, men òg ei jente på fele. Ho har ingen lærar i år, men er ivrig til å finne fram songar sjølv. Til slutt skal alle saman synge, sa ho og introduserte eit par nybyrjarar.

Musikkskuleelevar
Melinda Guadiamos var først ute på piano med «Skøytevals». Deretter tok Aksel Lied over og spelte «Hans og Grete» på keyboard. Den eldre broren Daniel tok over stafettpinnen og gav oss «Kjære, lille Kari».
Så var turen komen til ho som underviser seg sjølv på fele. Vilde Lied spelte «Den fyrste song». Deretter spelte Lukas Guadiamos «Spansk», eit stykke som stod godt til namnet sitt. Maria Ringset var sist ute av pianoelevane som framleis går på skule i Liabygda, med ein vals av Grieg.
Dei to eldste musikkskuleelevane avslutta denne delen av konserten. Henriette Lied spelte «My heart will go on» f«Titanic». Janita spelte «Romanse».

No livnar det i lundar
Så var turen komen til koret med 27 røyster. Dei viste stor songglede med «Nå kommer våren», «Kom mai du skjønne milde», «Å, for en morgen» og «Eg veit ei lita jente» før dei avslutta med «No livnar det i lundar».
Styrar Tove Lied takka for konserten og sa at dei som høyrde på sikkert kunne ha songe med. Så inviterte ho elevane på eit glas saft før dei måtte ned att.
– Dei er flinke, veldig flinke, seier Berta Ringset, bestemor til Maria.
– Det er triveleg å sjå at dei veks til og blir flinkare og flinkare for kvart år, seier Tove Lied.