– Ei form for snikhyttebygging

– Dette er ei form for snikhyttebygging. Det er nødvendig å få denne utbygginga
under kontroll, meiner Arne Sandnes om spikartelta i Vika og på andre campingplassar i kommunen, seier Arne Sandnes.

2. mai 2007
Sissel Tril Rem

Spikartelt: Arne Sandnes meiner at campingplassane bør ha juridisk bindane retningslinjer som seier kva reglar som gjeld for utbygging.

Før møtet førre måndag var planutvalet på synfaring fire stader.
Første stopp var Djupøyna. Der orienterte Yngve Hovden frå Forvaltning, drift og vedlikehald om at tomta som skal romme brannstasjon og FDV er for smal. Dei har difor gått i tingingar om å kjøpe tilleggsareal av Karl Jostein Rødset.
Bedriftsbesøk
Ordførar Arne Sandnes sa at utelageret til elverket ikkje har blitt teke omsyn til i Djupøyna.
– Rempro treng òg meir areal, sa ordføraren før utvalet vart invitert inn på omvising i fabrikken som produserer glasfiberarmerte profilar av mange slag.
Stein Inge Rem fortalde om produkt som spiler til kalesjer og ryggsekker. Koplingar og stigar i glasfiber som er lette og sterke og som i motsetnad til aluminium ikkje leier straum, blir meir og meir brukt.
Han har investert to millionar kroner i den nye hallen, inkludert eige avløp og vatn. Rempro har to fast tilsette i tillegg til sjefen sjølv. Dei arbeider skift for å utnytte maskinene best mogleg. Om halvtanna år har han trong for meir plass.
– Eg har planar om å byggje ut framover, men då må masta flyttast først, seier Stein Inge Rem.

Utviding og utvikling
Neste stopp var Fjellro turisthotell. Eigarane har planar om å starte ein fiskerestaurant, pusse opp hotellromma, lage utescene og utvide talet på sitjeplassar i hagen. Dei trekte tidlegare i vinter søknaden frå næringsfondet, fordi næringssjefen kun såg på fiskerestauranten som utvikling av hotellet. Fjellro inviterte difor formannskapet på synfaring slik at dei fekk sjå nærare på planane.
– Banken vår seier at dette absolutt er eit utviklingsprosjekt som dei vil støtte, sa Mike Boatwright då han viste politikarane rundt i hagen som er under ombygging.

Spikartelt
Slik som lova er i dag, finst det ingen klare retningsliner for bygging av spikartelt.
– Slik som det er no, er dette ei form for snikhyttebygging, sa ordførar Arne Sandnes då følgjet stoppa i Vika, som berre er ein av mange campingplassar der vogner blir bygde inn.
– Andre som byggjer hytter, må kjøpe tomt og følgje bygningsføresegnene. Spikartelta er ikkje underlagt offentleg godkjenning. Det er ikkje verre her i kommunen enn andre stader, men vi må ta dette innover oss, sa ordføraren.
– Men dei som alt har bygt, kan vi vel ikkje gjere noko med, spurde Signe Brenna.
– Vi kan sjå på om vedtak er følgde opp, sa rådmann Stig Holmstrøm.

Sentrumsnære tomter
Siste stopp på ruta var i P-svingen. Der er det godt utsyn over Murigrandane og garden til Nils Mydland Muri som kan bli aktuell som areal for tomter. Det verkar å vere politisk semje om at ein må kunne ta dyrka jord til bustadføremål i sentrum.