Hopp i det no!

Oppmodinga går til dei som vurderer å starte eiga verksemd. Då opninga av hoppid-kontoret i Fjordhagen vart markert førre onsdag, hoppa både ordførar og næringssjef i sjøen. Dei kom fort opp att.

9. mai 2007
Sissel Tril Rem

Næringssjef Toralv Klokkhaug, Harald Valle frå Valldal Grønt, prosjektleiera i hoppid.no Malene Aaram, daagleg leiar i Fjordhagen Torkjell Døving, ordførar Arne Sandnes og banksjef Stein Ivar Krohn hoppa i nokre få varmegrader.

Onsdag 2. mai opna det første hoppid.no-kontoret i Møre og Romsdal i Fjordhagen.
– Dette er ein historisk dag, sa Arne Sandnes då han ynskte velkommen til Fjordhagen og markeringa av det første hoppid-kontoret i fylket.
Han peika på det internasjonale preget opninga hadde med etablerarar frå Sverige og Nederland, og sa at kommunane treng hjelp utanfrå.
– Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge (IN) hjelper kommunar til å etablere verksemder. SIVA er òg ein viktig aktør. Utan dei ville det ikkje vore mogleg å få til næringshagen på same måten, sa han.
– Hoppid-kontoret representerer nytenking og samarbeid. Eg har tru på å få dette til, og er stolt over at vi har fått det første hoppid-kontoret hit, sa ordførar Arne Sandnes.

– Stor dag
­– Dette er ein stor dag. Eg gliste heile vegen hit, sa Malene Aaram, prosjektleiar i hoppid.no i Møre og Romsdal fylke.
Kampanjen hoppid.no har seks fokusområde som går frå etableraropplæring og idéfangst til satsing på godt etablerte verksemder med internasjonalt potensial. Målet er at Møre og Romsdal skal ta tilbake statusen som gründerfylke.
Hoppid-kontoret som er etablert i Fjordhagen representerer førstelinetenesta. Det er her den som har ein idé skal vende seg først.
– Målet er å få ei oversiktleg og god førstelineteneste. Det har vore uoversiktleg med mange aktørar, noko som gjer dørstokkmila lenger. Den som tek kontakt, får hjelp til å avklare prosjektet. Det kan til dømes gjerast gjennom eit skal/skal ikkje-kurs. Førstelina er ein døropnar som viser vedkomande vidare i systemet. Her får etableraren òg ein kontaktperson som kan hjelpe til med rettleiing og prosjektplan, sa Malene Aaram og understreka:
– Det er viktig at etablerarane vender seg til førstelinetenesta før dei går til Innovasjon Norge. Då kan IN bruke ressursane sine meir effektivt til sakshandsaming i staden for å vurdere idear frå folk i startgropa.

25­–30 kontor
Kvar kommune avgjer sjølv korleis dei vil organisere førstelinetenesta, men mange vel å leggje ho til næringshagar. Malene Aaram reknar med at Møre og Romsdal vil ha mellom 25 og 30 hoppid-kontor før året er omme.
– Kvar av dei 37 kommunane i fylket får 100.000 kroner uavhengig av storleik. Vi oppmodar til samarbeid med andre kommunar. Då får kommunane 100.000 kroner kvar pluss ekstra for samarbeidet, sa prosjektleiaren og skrytte av innsatsen til Torkjell Døving.
– Han er grunnen til at etableringa av det første hoppid-kontoret har gått så fort. Det viser òg at vi ikkje er så tunge byråkratar som mange vil ha det til, la ho til.

Spleiselag
Den lokale banksjefen Stein Ivar Krohn overrekte ein sjekk på 100.000 kroner, eit 50/50 spleiselag mellom Sparebanken Møre og fylket.
– Eg er glad for at Norddal kommune er først ute. Norddal var først ute med fotballbingar òg. Kan hende er den trauste og trege norddalingen på veg ut, sidan vi kjem oss med i første rekkje, undra banksjefen.
– Førsteline, smette ordføraren inn.
Torkjell Døving i Fjordhagen understreka at pengane skal gå til idéhavarar, krone for krone, før han gav ordet til to gründerar.
Nederlendaren Carsten Roos som nyleg har flytta til Valldal, og Lise Lotte Larsson som driv Handverkshuset i Eidsdal, var spesielt inviterte som etablerarar.
Carsten Roos har ein idé som han ikkje vil røpe på grunn av konkurransesituasjonen. Han seier at han håper å starte opp verksemda si om tre månader.
– Mitt problem kan bli å finne arbeidskraft, eit problem som slår tilbake på gründeren. Det er kan hende ei oppgåve som andre kunne hjelpe til med, spurde Carsten Roos.
Lise Lotte Larsson har drive Handverkshuset i to år, og ønskjer å vidareutvikle ideen.
– Eg starta opp med ein tanke om å synleggjere lokale produkt i reiselivssamanheng. Eg har idear, men har stanga hovudet i veggen. Eg har ikkje hatt det nettverket eg treng, så det er utruleg godt å ha nokon å kaste ball med, sa ho og hadde med seg eit fat i gåve til Fjordhagen.

Avdukking
Opninga vart markert med lokal bakst og kaffi før Arne Sandnes og Malene Aaram avduka hoppid-skiltet på veggen utanfor Fjordhagen.
Så kom det for ein dag kvifor ordføraren var så uformelt kledd. Han hadde verken kjede eller dress trass i den offisielle opninga. Heile laget tok turen inn på kaia. Somme kvitta seg med klokker, andre med skor før fem stykke tok oppstilling på kaikanten hand i hand og hoppa i det. Den sjette, næringssjefen, tok eit par steg ned i stigen og hoppa inn frå sidelina.
Dei kom fort opp att. Temperaturen i fjorden baud ikkje inn til lange symjeturar. Den einaste som tok ein ekstra runde var Harald Valle frå Valldal Grønt, som symde under kaia for å berge jordbærhuva til ordføraren.