Kinesisk akupunktursenter opna

Fredag fekk Stordal ein ny tilvekst til det stadig aukande tilbodet rundt helse og velvære.

16. mai 2007
John Kristian Hjelle

Bjørg Moltu testar her ut Tuina. – Eg kjenner det heilt ned i tærne, seier ho i stolen. Frå venstre: Knut Hove, Charles Tøsse og Byung Hwan.

Då opna Byung Hwan, opphavleg frå Sør-Korea, Kinesisk Akupunktursenter Stordal i dei gamle lækjarlokala i kjellaren på Stordalstunet.
Byung Hwan har fleire års utdanning innan tradisjonell kinesisk medisin både i Kina og USA bak seg. Han tilbyr behandling innan akupunktur, cuppin (koppar som vert sett på kroppen og sett vakum på), Moxa (varmebehandling) og Tuina (terapeutisk massasje). I Kina er Tuina ei sjølvstendig behandlingsform, utvikla over 3000 år, med eige universitetsstudium og eigne avdelingar på alle sjukehus.

Diagnose
Byung nyttar puls- og tungediagnostikk i kombinasjon med spørsmål for å diagnostere som eit grunnlag for behandlinga. Byung seier han kan behandle mange ulike lidingar, til dømes ulike smertetilstandar, muskel- og leddplager, hovudverk, migrene, fibromyalgi, plager med overgangsalder, leddgikt, astma, lettare psykiske plager, øyresus, dårleg sirkulasjon og problem med bihuler for å nemne noko.
Kinesisk Akupunktursenter Stordal held ope måndag til fredag, og allereie under opninga på fredag kunne Byung Hwan notere dei første timebestillingane.