Pedagogisk verdsarvdugnad

10. mai fekk verdsarvområdet 30 elevar frå Stranda vgs på besøk i samband med ein pedagogisk dugnad.

16. mai 2007

Orientering før start.

Dette vart ein spennande og lærerik dag, som på mange måtar symboliserer startskotet for eit framtidig tett og nært samarbeid mellom verdsarvadministrasjonen og Stranda vgs og den store satsinga på kombinasjonen friluftsliv- og reiseliv i vårt område. Verdsarvadministrasjonen er mektig stolt og imponert over det skulen har fått til i regi av Verdsarvprogrammet hittil. Ein må hugse på at dette er ei unik satsing innan skulesektoren, og som skulen heilt i eigen regi har teke initiativ til. Eg er mektig stolt av å ha ein skule som er ei engasjert drivkraft innan verdsarvproblematikk i vårt lokalområde. På dette feltet er vi faktisk grunna høg aktivitet og engasjement på skulen og ein ”over gjennomsnittet” engasjert rektor, langt framfor andre verdsarvobjekt i landet og Norden for øvrig. Dette er det nok ikkje alle som er klar over, seier Katrin Blomvik.

Lærerikt
Go fortel om ein lærerik dag der elevar, lærarar, grunneigarar og verdsarvadministrasjonen fekk innføring i korleis vi kan rydde råser i eit verna område. Råsa dei tok fatt i denne dagen var råsa frå Grande ut til naturreservatet Hyskje. Naturreservat er den strengaste form for vern etter naturvernlova og føremålet med å frede Hyskje er å ta vare på ei av dei best utvikla edellauvskogsliene i fjordstroka på Sunnmøre med det naturlege plante- og dyrelivet det har. Forvaltningsstyresmakta ved miljøvernsjef i fylket, Trond Haukebø, var til stades og saman med rådgjevar Silje Reisz heldt dei ei fagleg orientering og retteiing til arbeidet dei skulle ta fatt i.
Naturreservatet Hyskje er eit svært spennande og konsentrert område med eit usedvanleg rikt biologisk mangfald. Her finn ein mellom anna den raudlista og vakre mnemosynesommarfuglen, som trivst godt i den varme edellauvskogen.

Praktisk
Etter ei innleiiande orientering fekk grunneigarane Ola Grande og Thomas Grande ansvaret for å organisere det praktiske arbeidet og delte samlinga inn i tre grupper med kvar sine arbeidsfelt.
Grunneigarane sit på viktig kunnskap om råsa si historie og kunne fortelje litt om råsa sin viktige funksjon frå gammalt av under lunsjen dei hadde midt på dag.
– Lunsjen var det matlina ved Stranda vgs som stod for og mette vart vi på nygrilla og heimelaga hamburger med salat, seier Blomvik.
Verdsarvadministrasjonen skal framover syte for at både verdsarvkvalitetane og historiene vert formidla til besøkande på ein god måte og arbeidet som skulen har hjelpt oss med, er starten på eit spennande kartleggings- og formidlingsarbeid framover.
Verdsarvadministrasjonen vil rette ei stor takk til Stranda vgs ved verdsarvgruppa for ei framifrå god organisering av dagen. Vi ser veldig fram til nye samarbeidsprosjekt med skulen! I tillegg vil vi takke alle dei sporty og arbeidsomme elevane som gjorde ein formidabel innsats for verdsarvområdet denne dagen og ikkje minst takk til matlina som sytte for at magane våre vart mette!