Det er elevar frå tredje, fjerde og femte klasse ved Liabygda skule som fortel.
I tematimane samfunnsfag og naturfag den siste tida har dei arbeidd med eit dokketeater om samar. Dei har tidlegare vist stykket fram for resten av skulen. Tysdag i førre veke var det klart for barnehagen og rektor Pål Bjørn Øvrebust, som ikkje kunne vere til stades på første framsyninga.
Litt spennande
Før det unge publikummet er møtte opp, har dei tid til å fortelje litt om arbeidet som ligg bak.
Dei fortel at samane før i tida laga kle av reinsskinn, dei køyrde med reinsdyr og slede.
Elevane har vore inndelte i fire grupper og kvar gruppe har laga ei akt i skodespelet, med kvar si årstid.
Det kjekkaste var å lage dokkene, er dei samde om og lovar eit spennande teater som er berre litt skummelt. Dei har dikta alt sjølve.
Ørnereir
Første akt handlar om ein baby som plutseleg er borte. Det er sommar. Alle i landsbyen hjelper til å leite, og plutseleg finn dei han i eit ørnereir, uskadd.
Ein annan episode er minst like dramatisk, med ei jente som går gjennom isen, også ho blir berga.
Ein same som har vore på jakt, blir etter kvart sakna fordi han vert så lenge borte. Etter ein nokså omfattande leiteaksjon vert han funnen inne i ei hole, der han skrik på grunn av store magesmerter. Dei må tilkalle medisindama. Ho må sende nokon på nokre høge fjelltoppar for å finne den rette medisinplanta. Også denne gongen går det bra.
Det er fleire farar som lurer i sameleiren. Og det er ulven, to ulvar er observerte oppi fjellet, og jakta startar med spyd.
Fin oppsetjing
Det var ei tydeleg gjennomarbeidd oppsetjing dei hadde laga elevane i Liabygda. Dei inviterte frå barnehagen sat konsentrerte gjennom heile stykket. Alt var fantasifullt utført, frå dokker til kulissar. Ikkje minst klarte elevane å gjere det dramatisk gjennom måten dei framførte dei sjølvlaga tekstene på.
|
|
|