Kommunalt eigedomsselskap

Kommunestyret har vedteke etableringa av eit kommunalt eigedomsselskap og valt det første styret.

23. mai 2007
Sissel Tiril Rem

Ein av dei kommunale eigedommane som går inn i det kommunale føretaket: Tafjord skule med eit bruttoareal på 949 kvadratmeter.

Då kommunestyret drøfta etableringa av det kommunale føretaket Norddal Eigedomsselskap, tok Signe Brenna frå Norddalslista ordet først. Ho sa at dette er ei stor sak med mange forventningar til at eigedommane til kommunen skal bli betre forvalta.
– Då vi var med på å seie ja til dette, var det ein føresetnad at det skulle følgje midlar med. Rådmannen har sagt at pengar skal det bli og det har vi gått utifrå. Framlegget i dag er berre på 200.000 kroner til dagleg leiar i eit halvt år eller mindre, sa ho.
– Eg meiner dette gjev selskapet ein vanskeleg start. Verken styret eller dagleg leiar får noko armslag. I rapporten frå konsulenten står det at det ideelt sett skulle vere fire millionar frå kommunen. Kvifor ikkje administrasjonen ser behov for midlar, har eg vanskar med å sjå, sa ho og bad administrasjonen seie korleis dei tenkjer seg dette i oppstartsfasen.

– Annan filosofi
Rådmannen viste til side 32 i rapporten der konsulenten skriv at ein kan vurdere å leggje inn fire millionar kroner ved oppstarten for å skape likviditet.
– Etter diskusjon i administrasjonen har vi valt å leggje ein annan filosofi til grunn: husleiga ligg i budsjettet i dag i tillegg til 200.000 kroner til dagleg leiar som vi skal tilsetje i nær framtid. Så blir det opp til styret korleis ein vil sikre økonomien. Det kan ein gjere ved å skru opp husleigene eller å endre nedbetalingstida på lån. Kommunen har praktisert 20 års nedbetalingstid. Vi vil ikkje overstyre styret som ikkje har kome i arbeid.
Difor har vi ikkje frigjort
kapital. Likviditeten ligg i forskotteringa av husleiga, sa Stig Holmstrøm.

Vil gå imot
Signe Brenna viste til at både Fremskrittspartiet og Aksjonslista (heretter kalla Tverrpolitisk liste) var imot etableringa av eigedomsselskapet.
– Eg synest ikkje det er tilfredsstillande å gå inn på dette med desse premissane: at det er opptil styret korleis dei skal finansiere det. Eg synest vi skal vise at vi satsar på ein god start og dermed løyve pengar. Slik framlegget er no, vil eg ikkje stemme for det.
Ordføraren sa at rådmannen har diskutert dette inngåande med konsulenten, og at dette er ei kompleks sak som føreset god kunnskap om økonomi.
– Eg reknar med at dei har jamført dette med andre kommunar, og lit på dei vurderingane som er gjorde, er nøkterne og edruelege, sa Arne Sandnes.

– Fakturabyråkrati
Svein Linge sa at han og partiet hans var imot eigedomsselskapet av fleire grunnar.
– Eg trur ikkje vi kan organisere oss vekk frå problema. Vi er ein liten kommune. Vi må tilsetje fleire folk i ei tid der det er vanskeleg å få tak i fagfolk. Vi hadde ikkje tru på dette, men vi kan ikkje ta omkamp igjen og igjen. Som sagt: i vår gruppe og i mange av verksemdene er folk skeptiske. Rune Gerhardsen sa at dette er eit slags fakturabyråkrati: Dei sender fakturaer til kvarande slik at det ser ut som om det er pengar i systemet, sa han.
– Vi har gjort vedtak om dette. Saka i dag gjeld husleige, braut ordføraren inn.
Viktor Valdal gjorde det òg klart at han ikkje såg nokon grunn til å gå imot innstillinga. Det gjorde Signe Brenna.
– Eg gjekk inn på dette med tanke på at det skulle friske pengar inn, ikkje flytting av postar, sa ho og var åleine om å røyste mot etableringa av selskapet.

Husleiger
Kommunen førehandsbetalar husleiga for perioden 1. juni til 31. desember 2007.
Husleigene for føremålsbygga blir fastsett slik fram til 1. januar 2008:

Rådhuset 1.466.000
Valldal skule 4.443.000
Eidsdal skule 1.630.000
Dalsbygda skule
og barnehage 754.000
Syltebøen barnehage 983.000
Eidsdal barnehage 201.000
VTS 2.615.000

Desse tala tilsvarar den bokførte verdien av bygningane. Inntektene eigedomsselskapet får, er utgiftene kommunen har på bygningane som vedlikehald og straum.

Styret ser slik ut:
Kommunestyret har valt følgjande styre til Norddal Eigedomsselskap KF: Ordførar, rådmann, 1 representant frå dei tilsette (kan vere vaktmeister eller reinhaldsmedarbeidar), Hallvard Tafjord og Anita Dyb. Varamedlemmer: Stein Kristian Valdal og Kristin Kjerstad Håseth.
Ordførar er leiar, Hallvard Tafjord nestleiar.