Marcin Adamczyk har budd og arbeidd her i to år. Han er gartnar med seks års utdanning frå Polen og arbeider ved Viken gartneri. I heimbyen Radom ventar familien, kona Ewa og dei tre borna på 2, 4 og 9 år på å flytte etter. Problemet er at han ikkje finn nokon stad å bu.
Familien min vil gjerne kome hit og bu her, men der eg bur er det ikkje plass. Huset blir fylt av sesongarbeidarar om sommaren, og han sjølv må òg ut før 1. juli. Lars Magnar Muribø i Storfjord Landbrukstenester der Marcin Adamczyk er tilsett, seier at dei har spurt og ringt rundt til folk. Annonse i avisa har dei ikkje prøvt. Det er ofte enklast å spørje sjølv, meiner han. Kommunen gav først positivt svar på ein bustad i Eidsdal, men det viste seg at dei likevel hadde trong for han til eigne tilsette.
Kvar som helst
Sjølv om Marcin Adamczyk for det meste arbeider i Vika, er han ikkje avhengig av å bu i nærleiken. Alle bygder er aktuelle. I utgangspunktet er han ute etter å leige ei leiglegheit med to-tre soverom. Eg vil gjerne vere her, for her har eg arbeid.
Er det aktuelt for deg å flytte heim til Polen om du ikkje får ein stad å bu?
Nei, der har eg leilegheit, men ikkje arbeid, seier han, men vedgår at han saknar familien og at barna lengtar etter faren sin. Det er viktig at han får hit heile familien. Det har blitt nokre turar heim på desse to åra. Kona kjem hit for å plukke jordbær i sommar, men borna må vere att hos mor hennar i Polen, fortel Lars Magnar Muribø.
Kva med Tafjord der det er fråflytting? Vi har spurt, men det
er likevel ikkje ledige bustader der.
Fleire ynskjer seg hit
Kristin G. Sandnes er tilsett i Fjordhagen og leiar for busetjingsprosjektet som næringshagen har ansvaret for. Ho seier det er eit paradoks at vi vil ha folk hit, men ikkje har plassar der dei kan bu. Eg veit om fleire familiar som ynskjer å flytte hit. Kommunen har for tida mange ledige stillingar, 16-17 årsverk på fleire felt, til dømes fagarbeidar ved FDV, ingeniør, lege og anna helsepersonell. Ho veit om mellom 15 og 20 personar med smått og stort som ynskjer å flytte hit, mellom anna ein familie frå Nederland og fleire familiar frå Polen..
Gjennomgangsbustadar
Kristin G. Sandnes peikar på mangelen på gjennomgangsbustader.
Mange som kjem hit, ynskjer å bu her ei stund før dei eventuelt vurderer å byggje seg hus. Det gjeld både
gjestearbeidarar og ungdommar som vurderer å flytte heim. Vi stiller spørsmålet til politikarane: Kva gjer de med
dette, spør ho og peikar på at mangelen på husvære ikkje
blir mindre etter kvart som alle planlagde prosjekt blir realiserte.
Vi kjenner både sjukdommen og medisinen. No er det opp til politikarane å bestemme, seier ho.
Mange hus står tomme store deler av året.
Hus som tidlegare har vore bustadhus blir no ofte selde som fritidshus, seier Lars Magnar Muirbø.
Bygdelaga
Næringssjefen ynskjer at bygdelaga må kome på banen.
Det er lettare for kommunen å støtte opp om initiativ som kjem frå bygdelaga enn å tre noko nedover hovuda på folk. I Ørskog fann bondelaget 30 tomme hus på gardsbruk. Tomme hus forfell lettare enn hus der det bur folk. Manglande tilsyn gjev lettare lekkasjar og er dårleg forvalting av eigedommen. Der burde sunnmøringane ha bein i nasen, dei som er vande med å tenkje økonomisk, seier Toralv Klokkehaug.
Mange kan tenkje seg å pusse opp leilegheitene sjølve mot redusert husleige, seier Kristin Sandnes.
Det seier Marcin Adamczyk seg samd i.
Eg er ikkje ute etter luksus. Eg kan måle og reparere ting. Eg har ikkje så høge krav, seier han.
Viss vi seier velkomen til Norddal, må vi ha noko å tilby, seier næringssjef Toralv Klokkehaug
|
|
|