Rosekyrkja var fullsett til denne konserten. Publikum visste å setje pris på det arbeidet Odd Johan Overøye har lagt ned når han har arrangert alle dei gamle songskattane. I tillegg har han vore aktiv i arbeidet med Kyrkjehola kulturbeite gjennom alle år. Slik var trampeklappen å tyde. Sjølv leidde han oss gjennom kvelden på ein humoristisk og lett måte.
Etter at publikum hadde benka seg, kom Ålesund Kammerkor fram gjennom kyrkjegangen kledde i bunader medan dei song ein morgonsong frå Sykkylven.
Offisiell opning
Før koret heldt fram med konserten var det offisiell opning av årets kulturbeite i Kyrkjehola. Det var det ordførar Charles Tøsse som fekk gleda og æra av. Han sa at det som starta meir i det små, har utvikla seg på ein fantastisk måte. Det er no inne i sitt åttande år på rad. Tøsse sa seg imponert over det programmet dei har lagt til rette for publikum også i år. Han takka initiativtakarane for det arbeidet dei legg ned for å skape eit tilbod til folk både i Stordal og området rundt.
Fjordtradisjon
Songane som vart framførte har melodiar frå bygder langs Storfjorden, der Sykkylven og Stordal er sterkt representerte. Odd Johan Overøye har samla og skrive ned. Mellom andre er Olivia Busengdal opphavet til melodiar.
Melodien til «Vi takker deg o Gud», fann han i Stordalsboka med tekst av Berte Kanutte Aarflot.
Kvedar og songar Randi Lundemo tok del på fleire av songane. Mellom anna framførte ho fire av dei 26 versa som Nils Olsen Sve har skrive som handlar om ulike delar av Bibelen. Tonen er av Lars Petter Almås frå Stordal.
Ein av dei som fengde spesielt var ein tone frå Sykkylven med pietistisk tekst, der mellomspelet gjekk meir over i springartakt og fantasifullt samspel. Vi fekk høyre ein tone frå Geiranger til tekst av Aasmund Olavson Vnje, då han ulykkeleg forelska skreiv om «eg ser henne best når eg blundar».
Overrasking
Dei kunne by på ei lita overrasking. Randi Lundemo henta fram dottera, Kristin Lundemo Overøye, halvt stordaling. Også ho kunne kunsten å kvede og synge. Først kom ho med ein liten, fin bånsull. Saman med mora vart fleire artige småstubbar og seterviser framførte. Ein song om seterlivet skriven av Jørgen Moe vart framført, her er det ei dame frå Heggen i Valldal som står for tonen.
Det er ein del viser ein er ekstra glad for å få tak i, sa Overøye før Randi Lundemo song ei fin vise som handla om vennskap. Tonen hadde Odd Johan Overøye funne på eit loft på Talberg i Stordal.
Artig var det å høyre koret synge «Amerikavisa», som det blir fortalt at Petrine Vidhammer brukte å sitje på vegbaren og synge. Det kan hende ho har dikta sitt eige vers innimellom. Musikkarrangementet her var spesielt og livleg.
Nils Olsen Sve stod for dei to siste songane i sjølve konsertprogrammet. Han var opphavleg frå Stranda, men flytta til Stordal der han gifte seg. Sve ligg på kyrkjegarden ved Rosekyrkja, han drukna i Storfjorden berre 30 år gammal. Den første var eit bordvers og den andre var ein aftensong med tone frå Stordal.
Det vart ei flott oppleving i Rosekyrkja denne søndagskvelden. Koret gjorde det lett for oss å høyre teksten, og musikarane var samspelte og engasjerte. Det var Erlend Eide på klarinett og Audun Skorgen på bass. I tillegg spelte Odd Johan Overøye piano og nokre gongar trommer.
|
|
|