Drivkraft og dagleg leiar i Eidsdal Kraft AS, Egil Berge, tok imot gjestene på Bergedammen, der vatnet renn som eit brudeslør over betongkanten.
Vi har lagt vekt på å lage eit fint anlegg. Vi har laga ein foss i staden for å fjerne ein, sa han.
Saman med han på demninga stod to troll, som han påstod dei hadde funne då dei grov tre-fire meter under elvenivå. Ved dammen er det òg eit par benker å slengje seg ned på. Nokre få meter lenger opp står eit gammalt kvernhus som er ein viktig del av attraksjonen.
Is og brosjyrar
Vel nede ved kraftstasjonen stod Eidsdal musikkorps klar til å blåse festen i gang. Dei spelte eit potpurri medan gjestene fekk is og brosjyre med fakta om kraftverket.
Egil Berge ynskte velkomen og nemnde alle lokale og meir langvegsfarande samarbeidspartnarar. Han fortalde om prosessen frå å søkje konsesjon for å oppheve fredinga av elva, og sa at både kommunen, oppsitjarar og elveeigarar viste samarbeidsvilje.
Vi fekk så lite protestar at han som skulle skrive konsesjonen, måtte finne på nokre protestar sjølv. Han ville flytte stasjonen 150 meter, fordi vegen skulle bli kortare. Vi fekk omgjort det, fordi fylket støtta oss.
Fullfinansiering
Konsesjonen vart gjeven 14. februar 2005. Eidsdal kraft fekk ein klage, men fekk førebels løyve til å byggje likevel. Ikkje berre har dei sett noregsrekord i storleik på privateigd kraftverk. Egil Berge påstår at dei òg har sett noregsrekord i fullfinansiering.
Vi gjekk i forhandlingar med Sparebanken Møre om finansiering. Dei ynskte at vi skulle ha ti prosent eigenkapital. Finst det eit sikrare prosjekt enn å satse på kraft, spurde eg. Det enda med at vi fekk fullfinansiering.
Ordninga med grøne sertifikat torde dei ikkje å satse på. Det skulle vise seg å vere lurt.
Politikarar kan ein ikkje lite på, sa han, medan olje- og energiministeren og ordføraren åt is blant publikum.
Mektig imponert
Ordførar Arne Sandnes fekk ordet og sa at måndag 18. juni 2007 var ein merkedag i historia til Norddal kommune.
Vi er inne i ein ny epoke. Eg trur vi kjem til å sjå fleire småkraftverk. På 192030-talet vart mange bygde, men seinare kom det berre store kraftverk. Her er det vist tiltakslyst, visjonar, mot og handlekraft. Eg er mektig imponert, sa ordføraren.
Han peika òg på at omsynet til verdsarvområdet og naturen har blitt godt teke vare på.
Anlegget glir godt inn i landskapet. Det er ein god balanse mellom miljøomsyn og verdiskaping, sa Arne Sandnes og la heller ikkje skjul på at kraftverket kjem til å sende kjærkomne kroner i sirkulasjon i bygda og i kommunekassa.
Det måtte Egil Berge kommentere.
Vi betalar eigedomsskatt pluss indirekte to-tre arbeidsplassar. Det er ikkje rart han Arne gler seg!, sa han og gav ordet til heidersgjesten.
Gratulerer med dagen!
Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen (Sp) kom saman med politisk rådgjevar Anne Thingelstad Wøien. Han fortalde at han hadde blitt spurt om å opne Eidsdal kraft då partikollega Arne Sandnes var på eit møte i departementet i vår.
Vi får mange slike førespurnader som vi høfleg må takke nei til. Når eg takka ja, var det av to grunnar: For det første så bur de i ein fantastisk flott kommune. For det andre treng vi mange av denne typen kraftverk. Vasskraftnasjonen Noreg må importere kraft i eit år med normalt regn. Difor treng vi meir kraft. Det er godt potensial i å byggje slike typar kraftverk, og de var farleg nær noregsrekord i utbyggingstid òg, sa statsråden og la til at det var all mulig grunn til å gratulere med dagen.
Anke på rim
Odd Roger Enoksen fortalde òg om då utbyggjarane anka ei avgjerd til departementet.
Sjølv var eg ikkje med på det møtet, men eg fekk fortalt at dei framførte klagen som song. Det gjorde inntrykk på sakshandsamarane. Dei tok ikkje klagen til følgje, men framførte songen på julebordet i departementet. Er det mulig å få høyre songen ein gong til, spurde statsråden.
Etter snorklipping, signering av gjestebok, kaker og sjampanjebrus vart det høve til spørsmål ved kraftstasjonen før besøket vart avslutta med middag på Sjøkanten kafé. Der vart ankesongen framført av Knut Ståle Berge med munnspel og Egil Berge.
Statsråden tok turen frå Eidsdal til Geiranger og Hellesylt med helikopter via Åknesremna. Sjølv om saka om driftskostnader til overvakingsprosjektet ikkje ligg til departementet hans, sa Odd Roger Enoksen at saka har vore drøfta i regjeringa og at han var interessert i å sjå området når han likevel var her.
|
|
|