For å få fram verdien på aksjane skal ein kontakte potensielle kjøparar og det skal førast forhandlingar med interesserte kjøparar om eventuelt sal. Forhandlingsresultatet skal leggast fram for kommunestyret for vedtak om eventuelt sal.
Det var dei tre representantane for Høgre i tillegg til Jonas Falch frå Frp som slutta seg til dette vedtaket. Det skal vidare til kommunestyret.
Ikkje sal
Asgeir Hovde (Ap) kom med framlegg om at dei ikkje skal leggje ut aksjane for sal no. Han sa at han var skeptisk til å leggje akslane ut for sal, det vil vere det same som eit langt steg på vegen mot å kvitte seg med dei.
Hovde fekk støtte av Ingrid Løset (Sp). Ho meinte at dersom det blir aksjar til sals i Ørskog Energi, bør heller Stordal kommune vurdere å kjøpe dei.
Lars Kristian Øvrebust (Sp) sa at Ørskog Energi indirekte er ein viktig bidragsytar til lokalsamfunnet. Konsekvensane av å selje aksjane veit ein ikkje, men av å eige veit dei. Han etterlyste ei grundigare utgreiing utover det reint økonomiske. Øvrebust ville leggje tyngst vekt på dei samfunnsmessige fordelane ved lokalt eigarskap.
Jonas Falch (Frp) sa at han ikkje hadde hatt den store sansen for å kvitte seg med aksjane i Ørskog Energi, men at dei heller burde ha vurdert å ta ut det ansvarlege lånet, men no viser det seg at det er der kommunen tener mest pengar. I første omgang ville han gå inn for framlegget om å leggje aksjane ut for sal.
Sjå prisen
Stig Falling (H) meinte det var viktig å ha med seg at i framlegget ligg det berre eit eventuelt sal, at det muligens vil skje. Høgre vil sjå prisen før dei tek stilling til om aksjane skal seljast.
Falling minte om at Stordal kommune kan få eit problem når momskompensasjonen er brukt opp til å betale ned på renter og avdrag til Stordalstunet. Då må dei gjere nokre grep for å unngå å kome på «svartelista» til fylkesmannen.
Til det svarte Ingrid Løset at Senterpartiet har ropt varsku om økonomien, men ikkje vorte høyrde og at Stordalstunet åleine ikkje er det som treng finansiering.
Lars Kristian Øvrebust meinte at sal av aksjar ikkje skal brukast til drifta, slike gevinstar er det best å bruke til direkte investeringar.
Vi møter oss sjølve i døra om nokre år. Drifta er langsiktig og vi kan ikkje kome med naudløysingar for å oppretthalde ho, då må vi gjere andre grep, sa han.
Vigdis Hove Øie (H) sa at også ho var skeptisk til sal, men at dette er ein måte å få vite kva verdiar som ligg i selskapet og kva som er muligheitene.
Tre eigarar
Ørskog Energi AS er eit nettselskap som er eigd av Skodje kommune (48,7 %), Stordal kommune (20 %) og Ørskog kommune (31,3 %). Fleirtalet i Skodje formannskap sa nei til å vurdere sal. Saka kjem opp i dei tre kommunestyra før ferien.
|
|
|