Klar til å byggjemelde hotellet

Erik Berg presenterte måndag Valldal fjordhotell for ordførar og rådmann. Han er klar til å byggjemelde prosjektet, men ventar på byggjeløyve frå høgare hald.

27. juni 2007
Sissel Tiril Rem

Kulturhuset til venstre og hotellet til høgre. Kledninga på hotellet er av tre. Skisse: Kosbergs Arkitektkontor A.S

Prosjektet som Kosbergs Arkitektkontor i Molde har teikna, inneheld òg eit framlegg til kulturhus. Om eit kulturhus blir bygt, er opp til kommunen. Dersom kommunestyret vel ikkje å vere med på eit kulturhus, kjem Erik Berg til å endre teikningane og bygge eit større møterom i hotellet.

Byggjeløyve
Hotellet er så godt som klart til å byggjemeldast, men før spørsmålet om overvaking er avklart, blir det ikkje gjeve byggjeløyve.
– No ligg det restriksjonar på område ut gjennom fjorden. Ein kan ikkje stoppe utviklinga i eit så stort geografisk område. Seier styresmaktene nei til overvaking, seier dei nei til utvikling i ein viss sone. I neste omgang kan område bli avfolka. Det er òg ein kostnad for samfunnet.
– Har du vurdert ein alternativ tomt høgare opp?
– Nei, det er urealistisk. Det er heilt utenkjeleg ikkje å få lov til å byggje her, seier Erik Berg.
– Vi må få ei avklaring i haust. Utgreiingsarbeidet har kome langt nok til at ein kan få inn overvakinga på statsbudsjettet i 2008, meiner Arne Sandnes.

Symjebasseng
Hotellet er plassert nærast sjøen med rom for ei eventuell utviding. Slik hotellet er teikna førebels, blir den eksisterande strandpromenaden liggjande som han gjer. Elvebaren skal plantast ut, og bli ein del av grøntarealet som Erik Berg er oppteken av at hotellet skal omgje seg med. Han vurderer òg å byggje eige symjebasseng ute som kan brukast både sommar og vinter. Ideen er å bruke glasvegger og tak som kan dragast over bassenget.
Kulturhuset er plassert nordaust for hotellet mot riksvegen og elva. Hotellet og kulturhuset får etter teikningane frå arkitekten einvegskøyrd innkøyring med felles parkering. Ein glaskorridor knyter bygningane saman i første etasje.

60 hotellrom
Hotellet får fire etasjar på til saman fire tusen kvadratmeter. Første etasje inneheld resepsjon, administrasjon, lobby, toalett, lobbybar, kjøkken, lager og restaurant. Dei om lag 60 hotellromma ligg i andre og tredje etasje. Fjerde etasje har toppbar, takterrasse og møterom.
Erik Berg seier at dei før brukte å rekne 1 million kroner per hotellrom. Slik skulle hotellet ha ei kostnadsramme på 60 millionar kroner. På grunn av auken i byggjemateriale reknar han med at prisen ligg nærare 80 millionar kroner i dag.

Amfi med 486 plassar
Kulturhuset som er skissert, er vel halvparten så stort som Bjørnsonhuset som er kulturdelen til Seilet hotell i Molde, det vil seie på 1450 kvardatmeter. Arkitekten har teikna inn eit mobilt amfi med 486 sitjeplassar.
Salen er tenkt delt opp i to mindre salar som kan brukast uavhengig av kvarandre. Storsalen er bygt som ein typisk fleirbrukssal der møblering og akustikk kan varierast. Han blir bygt som ein såkalla ”black box”.
Utkastet til kulturhus er eit innspel til vidare diskusjon om innhald og utforming. Erik Berg ser for seg at kommunen har aksjemajoriteten i kulturhuset med hotellet som aksjonær.
­– Viss det er ynskjeleg, kan hotellet stå for drifta av kulturhuset slik som vi gjer med Bjørnsonhuset. Då slepp Norddal kommune driftskostnadene, seier Erik Berg.
Kva eit eventuelt kulturhus ka kome til å koste, er uklart. – Bjørnsonhuset som er halvparten så stort, kom i si tid på 60 millionar kroner. Men det er rigga for å ta alle typar framsyningar. Det er ikkje nødvendig her, meiner han.

Vurderer byggjeløyve i risikosoner

– Planavdelinga i Miljøverndepartementet er positiv til at beredskapsplan og varslingssystem skal kunne godtakast som avbøtande tiltak etter plan- og bygningslova, seier ordførar Arne Sandnes.
Spørsmålet blir diskutert i samband med byggjeløyve i risikosoner med tanke på flodbølgjer frå Åkernesremna eller Heggurda.
– Om departementa vel å tolke overvakingssytemet som avbøtande tiltak, er ei lovendring ikkje nødvendig. Det er nok å gjere ei endring i føreskriftene. Det kan gjerast i departementet. Normalt har framlegget ein høyringsfrist på tre månader før statsråden kan godkjenne den nye forskrifta, seier ordføraren.
Eit anna spørsmål er kven som skal erstatte tap av materielle verdiar.
– På møtet vart det ikkje trekt konklusjonar, men det var semje om at departementet skal arbeide vidare med saka, seier Arne Sandnes.