Ole Paus i Rosekyrkja |
|||||||
![]() |
|||||||
| Storfjordnytt sin utsende fekk grunna andre presserande gjeremål ikkje med seg meir enn siste halvdelen av forestillinga til Ole Paus i Rosekyrkja førre onsdag. | |||||||
|
|||||||
Ole Paus veksla kjapt mellom visene og kommentarar og historier med velkjende spark til autoritetar og fordommar i forstillinga i Rosekyrkja førre onsdag.
|
|||||||
| Det tykte eg etter kvart var litt leit, for eg skulle gjerne ha høyrt meir av denne artisten som her ausa av si rikhaldige kjelde av viser og historier. Det var ikkje mange sekunda det var stilt mellom innslaga. Han veksla kjapt mellom visene som han framførte med gitar og song, og kommentarar og historier med velkjende spark til autoritetar og fordommar. Samkvem og forhold mellom menneske, eller mangelen på slikt, er òg eit gjennomgåande tema i tekstane hans. Dei fleste av tekstane har eit humoristisk preg, og latterkulene sat laust i Rosekyrkja. Men han synte òg fram den vare og meir alvorlege delen av seg i tekstar som manar til ettertanke hjå tilhøyrarane. Neste gong han vitjar Stordal og Rosekyrkja, eller ein annan plass i nærområdet for den del, skal eg få med meg heile forestillinga. |
|||||||