Alle rekordar vart slegne

Alle rekordar slått i år òg. Det er konklusjonen etter årets Stordalscup.

4. juli 2007
John Kristian Hjelle

Keeper Joakim Helgesen reddar for Stordal gutar 11 år i kampen mot Sykkylven.

– Det var om lag 3000 menneske innom både på laurdag og søndag, fortel Pia Birgitte Tomren som er leiar for Stordalscup.

Populær utedans
På utedansen laurdag kveld var det så mange som 777 som løyste billett.
– Heile helga gjekk alt greit og smertefritt føre seg, vi var som vanleg heldige med veret og det verka som om folk storkosa seg. Det nye tilbodet med fruktsal vart veldig godt motteke, det har mange skrytt mykje av, fortel ho.
Heile 87 lag i klassar frå 7 til 16 år var påmelde i år. 45 av dei var i aksjon på laurdag, 42 på søndag. Innimellom fotballkampane kunne spelarar og tilskodarar ta seg ein tur innom tivoliet, den innhaldsrike loppemarknaden, utstillarane og salsbodene inne og utanfor Stordalshallen, eller prøve dei mange ulike aktivitetane som var spreidd utover området rundt stadion.

Nye aktivitetar
Nytt av året her var skyting med pil og boge og skotlaser som målte hastigheita på skot med ball mot eit mål, i tillegg til at ein òg kunne få prøve hoppgruppa i Stordal IL sin ”kunstige hoppbakke” som dei nyttar under innandørstrening.
Elles var det både laurdag og søndag underhaldningsinnslag både inne og ute med Ørskog Brass, Jenny og Kristina Malene, Knut Sivert Vikenes og Terje Vang, og spelarar frå AaFK kom på besøk og var mellom anna med og delte ut premiar.
– Vi har ikkje fått summert opp økonomisk enno, men alt tyder på at det vert ny rekordomsetnad. Vi må seie oss veldig godt nøgde etter denne fantastiske helga. Eg vil takke alle dei opp mot 250 frivillige som er med og arrangerer Stordalscup for ein kjempeinnsats, avsluttar Pia Birgitte Tomren.