| Galleri Morellsteinen på Linge. Utstillinga skal vere open i to veker.
Variert
Dei ulike bilda til Bolseth tok seg godt ut inne i dei spesielle gallerilokala på Linge. Og bilda var svært ulike, både i form og farge. Ei serie handlar om busetting langs fjorden, uregulære, skeive bygningar på små, karrige tufter, mindre bilde i sterke fargar. Ei serie handla om fossen ”dei sju systrer”. Dette er bilde kunstnaren kallar veggsmykke lange og smale i forma. På mørk bakgrunn har ho plukka ut syster for syster.
Her finn vi bilde i gruppa ”grip dagen”, der Bolseth ønskjer å skape vitnemål om mot, livsgnist og muligheiter.
Gode naboar
Takk til gode naboar, sa gallerivert Inger Marie Linge under opninga søndag, og hadde Sunneva Linge og Solveig Linge Stakkestad i tankane. Dei hadde hjelpt til med førebuingane.
Sunneva heldt nokre opningsord der ho sa seg glad for at Evy Bolseth kunne kome til galleriet på Linge. Ho syntest det alltid er spennande å sjå kva ho har laga. Då ho hadde galleri i Ålesund, måtte ho ofte ta ein titt innom for å sjå nytt ho hadde laga sidan sist. Ho fortalde om eit spesielt første møte med Evy sin kunst, eit bilde ho har heime som har tittelen ”Ydmyk”. Sidan har ho ikkje kunne stå imot fleire av bilda hennar, som også har fått plass i heimen. Ho viste til at Bolseth ofte brukar symbol i bilda sine og at ho likar godt nøkkelen, nøkkelen til livet.
Sunneva kom med eit sitat: ”Kvar dag kjem med nye gåver, knyt opp hyssingen” i det ho oppmoda dei frammøtte til å vandre rundt i galleriet og ta imot ein fin gåvepakke av sanseinntrykk.
|
|
|