Utstillingar i kulturbeitet

Fram til og med 12. august stiller Martin Due ut grafikk under utstillingstittelen ”Strukturar” i Løsetstova i Stordal Bygdetun.

8. august 2007
John Kristian Hjelle

Martin Due stiller ut grafikk i Løsetstova i Stordal. Biletet viser eitt av arbeida som er utstilt.

Martin Due er busett i Molde og arbeider med mellom anna grafikk, teikningar og akvarellar. Han har tidlegare hatt fleire separatutstillingar, mellom anna to gongar på Hamsunfestivalen i Nordland. Utstillinga ”Strukturar” består av arbeid utført i metallgrafikk med varierande motivval og format og med dei fleste typar metallgrafiske teknikkar representert. Martin Due seier sjølv at dei utstilte arbeida alle er resultat av interessa hans for strukturane sine fortellingar.

«Harpeberget»
Samstundes, også fram til og med 12. august, kan ein få oppleve installasjonen ”Harpeberget” i Prestestova. Dette er ein multimedial installasjon laga til og sett saman av musikk/lyd (Odd Johan Overøye), tekst (Marit Kaldhol) og video (Arne Nøst). Øyvind Driveklepp står bak lydopptak og redigering.
Installasjonen ”Harpeberget” er den største einskildsatsinga Kyrkjehola Kulturbeite står for produksjonen av, og har fått støtte frå både Norsk Kulturråd og Fond for lyd og bilde.
Sjølve tittelen ”Harpeberget” kjem av det lokale segnet i Stordal som er utgangspunkt for installasjonen. Harpeberget ligg like ved riksvegen under Storheimshornet i Stordal, der Stordal er på det smalaste, og det er blitt fortalt at folk kunne høyre harpespel her når dei for framom i julehelga.
Kyrkjehola Kulturbeite fortel at dei ynskjer å stimulere til nyskaping i kryssingspunktet mellom ulike kunstformer og formidlingsuttrykk. Slik har ideen om installasjonen ”Harpeberget” vakse fram – ei samansmelting av gammal folklore og moderne teknologi.