No må de kome ned på kaia. Vikingane kjem om ti minutt!
Med ropert i handa prøver ordførar Arne Sandnes å lokke til seg publikum i striregnet. Først ser det ut til at dei som skal ut å rafte, blir einaste publikum, men snart har ei rekkje med paraplyar samla seg på kaikanten.
Borgundknarren sig inn mot land. Staute vikingar står oppstilte kring Olav i båten som har ei kvinne i sivil som matros. Olav går i land og helsar på ordføraren, medan vikingane står lett fnisande att i båten.
Det var ikkje mykje tak i dei vikingane der, seier ein mann blant tilskodarane.
Dei geistlege gjestene går om bord i knarren og får sjå Sylteormen frå sjøsida.
Historisk rolle
Regnet stoppa på ingen måte den nye olsokfeiringa. Laurdag gjekk mykje av programmet føre seg innandørs. Historieprofessor Berge Furre heldt føredrag med tittelen «Helgenkongen si rolle i norsk og europeisk historie».
Fungerande mørebiskop Øystein Bjørdal stilte spørsmålet: Kvifor feirer vi olsok? Han viste til debatten som i år har gått kring Spelet på Stiklestad, fordi regissør Stein Winge har framstilt ein råare Olav enn før.
Årets spel pirkar borti same element som Berge Furre var innom: den lite helgenaktige kongen som for brutalt fram. Det må vere lov å pirke i biletet av Olav før Stiklestad og døden.
Han svarte òg på sitt eige spørsmål: Vi feirer dødsdagen til Heilag-Olav den 29. juli.
I den eldste kristne tid feira dei ikkje fødselsdag, men dødsdag. Då kom ein inn i det nye livet. Det er kan hende den viktigaste fødselsdagen, sa Øystein Bjørdal.
Fritt for biskopar
Ingen av dei inviterte biskopane kom. Den katolske biskop Georg feira olsok i Trondheim. Han sende pater Alfeo Botero i sin stad. Den greske biskop Ieronimus melde avbod og sende arkemandritt Georgios Athinagoras som sin representant. Begge utsendingane helste forsamlinga.
Arne Sandnes avslutta seminaret i kyrkja med å seie at Olsok 2007 hadde som overordna mål å skafe fred i verda.
Meditativ konsert
Vi høyrer dei før vi ser dei. Sakte kjem dei gåande langs midtgangen, songarane i Schola Sanctae Sunniva. Dei brukar heile kyrkjerommet: koret, midtgangen og galleriet. Dei fleste songane blir sungne på latin og set oss i ei meditativ stemning. Vi bråvåknar når «Folkefrelsar til oss kom» blir sungen med full kraft og norsk tekst.
Henning Sommerro akkompagnerer på trekkspel, tek over og improviserer medan songarane flyttar på seg. Mot slutten tek han òg plass bak orgelet.
Konserten med tittelen «Atterklang fra Nidaros» hadde innslag frå «Fingergullofficiet» som er basert på det einaste manuskriptet som er teke vare på i sin heilskap frå norsk mellomalder. Fingergullfesten var ein av dei største kyrkjefestane
i mellomalderen. Vi fekk òg høyre Marialiturgi gjennom kyrkjeåret, folketradisjon og frå St Olav Officium, sekvensdikting frå mellomalderen basert på kjelder frå Nidaros.
Avduking på Døving
Klokka halv ti søndags-morgonen starta om lag 30 personar på turen frå Sylte. Det er mogleg fleire hengde seg på langs ruta via Korsbrekka til Døving der avdukinga av minnestøtta for Døvings Capel skulle føregå.
Grunneigar Karl A. Døving fortalde at han har liten kunnskap om kapellet, men at det var kyrkjegard der minnestøtta står i dag.
I 1812 tok dei ned tømmeret i kapellet og sette det opp att på Sylte til 1863 då nye Sylte kyrkje vart teken i bruk.
Sokneprest Morten Gravdal opna andakta med å seie at kyrkja ho er eit gammalt hus.
Vi har ei kyrkje her utan vegger og tårn. Trua vil bestå til evig tid, sjølv om at anna er jamna med jorda, sa han.
Representantane for dei tre kyrkjesamfunna avduka så monumentet saman med Karl A. Døving.
Naturleg amfi
Søndag skein sola og viste fram åstaden for friluftsgudstenesta på sitt beste. Garden til Knut Slinning på Alstad er som eit naturleg amfi med bakkar ned mot elva. Staden eignar seg godt til slike og andre arrangementet.
Schola Sancta Sunnivae song preludium medan dei vandra inn mot prestane. Dei ulike trusretninga stod for kvar sine innslag i gudstenesta. Etterpå var det kyrkjekaffi i løa. Inntektene gjekk til Øvre Valldal grendelag.
|
|
|