Rekordmange på Jordmormarsj

Så mange som 120 registrerte og betalande deltakarar deltok på årets Jordmormarsj laurdag 11. august. Av desse gjekk 85 over fjellet frå Herdalen, og seks–sju av desse att gjekk heilt frå Innset i Norddal.

15. august 2007
John Kristian Hjelle

Prosjektleiar Paul Roger Tysnes fekk før opninga fram jordmødrene som skulle gå marsjen. Desse var frå mellom anna Bodø og Oslo, i tillegg til Elisabeth Sæther Jarnes (til høgre), fylkesleiar i Den Norske Jordmorforening, Møre og Romsdal, som stod for den offisielle opninga av årets jordmormarsj.

– Dette er ny deltakarrekord, fortel prosjektleiar Paul Birger Tysnes.
I 2005 var det 104 deltakarar, det var fram til no det meste. Tysnes konkluderer med at trass i skodda kan ein kalle årets Jordmormarsj for vellukka.

Tjukk skodde
Deltakarane som gjekk over fjellet frå Herdalen fekk oppleve den tjukke skodda vi hadde denne helga, men då dei kom opp til Kallskaret, kom dei over skodda, og fekk raste der i strålande solskin. I tillegg til dei registrerte deltakarane på Jordmormarsjen kunne vi òg mellom anna sjå Kristin Krohn Devold, Generalsekretær i Den Norske Turistforening, starte opp og gå frå osen av Herdalsvatnet.

Krus til dei 100 første
Fylkesleiar i Den Norske Jordmorforening (DNJ), Elisabeth Sæther Jarnes, stod for den offisielle opninga av årets Jordmormarsj utanfor Jordmorstova i Eidsdal. Ho fortel at det alltid har vore med medlemmar frå foreininga og gått marsjen, i år også frå fleire andre fylkesforeiningar. Nytt av året er utdeling av krus til dei 100 første registrerte deltakarane.
– Dette er eit samarbeid mellom Jordmormarsjen og DNJ, fortel ho.

– Fin markering
Ho synest dette er ei fin markering av den bragda jordmor Jensine Rødal gjorde den gongen.
– Det var vinter, og dei hadde ikkje det same utstyret som vi har i dag. For henne var nok jordmorgjerninga både eit kall og ein livsstil. Ein vert både imponert og ærbødig, og det er litt sterkt å gå i hennar fotspor. Historia om henne, saman med historia til andre jordmødrer her inne i fjordane var noko av det første eg las om på jordmorskulen, fortel Jarnes.
Neste år er DNJ 100 år, og at det har vore diskutert om Jordmormarsjen skal verte ein del av markeringa av dette. Men dette er kun i planleggingsfasen enno.