Dette var det første arrangementet i Prestestova i Kyrkjehola Kulturbeite sitt program i år, og stova var fullsett med tilhøyrarar som gjerne ville høyre på desse to som har ei sterk lokal tilknyting. Vidar Parr er vaksen opp på Dyrkorn, medan dottera Maria er vaksen opp på Fiskå.
Vidar har dei siste 10 åra vore redaktør i avisa Synste Møre, medan Maria studerer nordisk i Bergen. Ho har skrive barneboka «Vaffelhjarte - Lena og eg i Knert-Mathilde», og ein kan med jamne mellomrom lese ho i fleire lokalaviser der ho har faste spalter.
Vidar har skrive ein god del tidlegare, mellom anna prosastykke i spalta «På tampen» i Synste Møre, namnet på grunn av at spalta er plassert på siste sida. Han fortalde at mange av desse stykka er skrivne under sterkt tidspress, av typen «dobenk-stilar», ein karakteristikk han hugsar Kåre Tafjord nytta på Framhaldsskulen for 40 år sidan på stilar som gjerne vart til i siste liten før dei skulle leverast.
Fellesnemnar
Etter at dei vart inviterte til Kyrkjehola Kulturbeite, måtte Vidar og Maria finne ein fellesnemnar for kva dei skulle ta for seg. Det vart minne frå barndommen, forteljingar frå landet Barndom der vi alle ein gong har vore og derfor kan kjenne oss att. Ifølgje Maria har vi vaksne ein tendens til å rosemale og forskjønne barndommen, og vi gløymer gjerne misunning, frykt og andre kjensler. Det er mykje å hauste av barndomsminna til å bruke til mellom anna «dobenk-stilar» når ein berre greier å sjå gjennom dette rosemala og forskjønnande sløret.
Vidar og Maria las fleire små forteljingar til ettertanke, med innhald med både alvor og skjemt, der ein som tilhøyrar opplevde at det vart henta fram minne og følt på kjensler frå barndommen ein rett og slett har gløymd av. Det er nok som Maria sa, at kjensler som til dømes frykt eller sorg er like reelle og sterke for den som opplever den, om ein er barn eller vaksen, og same kor irrasjonell eller bagatellmessig denne kjensla kan verke for andre. For born kan kjensla faktisk verke større og sterkare enn for vaksne, då born i tillegg er prisgitt andre for å kunne gjere noko med det.
Barndom
Forteljingane dei las frå har tema frå opplevingar frå barndommen, og i forteljingane skildrar dei på ein malerisk måte kjensler dei kan hugse var knytte til desse opplevingane. Mellom forteljingane snakka dei som ei innleiing til neste litt laust rundt ulike emne, mellom anna kor ulike ting kan verke og opplevast for eit barn kontra ein vaksen. Til dømes tidsperspektivet, korleis dette endrar seg frå ein er liten til ein er stor, barnet som tykkjer det er eit heilt liv til neste jul, medan tanta berre så vidt rekk å vaske juledukane før det er jul på nytt. Og hendingar som framkalla kjensler for første gong, som når bestefar døydde eller den elles så muntre «dropsmannen» la ansiktet i alvorlege foldar og uttrykte frykt for ein ny verdskrig.
Maria avslutta det litterære møtet i Løsetstova med å seie at ho er glad for at ho har vorte vaksen, noko far Vidar med eit glimt i auga sa seg samd i. Som tilhøyrar må eg seie at eg gjekk frå Løsetstova med ei lita usikker, forvirra kjensle. I hovudet mitt var det opna på gløtt ei dør til for lengst arkiverte minne og kjensler som no kika ut og takka for sist, det eine etter det andre. Takk til Vidar og Maria for å ha lirka opp denne døra, eg håpar dei tek «Med ein barndom i botnen» vidare også til andre vaksne med meir eller mindre vasstette skott til landet Barndom.
|
|
|