Ein hyllest til naturen

Sist søndag var det opning av Reinheimen nasjonalpark på Slettvikane i Valldal. Ordførarane frå Norddal og Rauma var stolte vertar for miljøvernminister og deltakarar på mange nivå i naturforvaltninga.

22. august 2007
Alfred Nilsen

Ordførar i Norddal orienterte miljøvernminister Helen Bjørnøy om kva Norddal kommune gjerne kunne tenkt seg kom på plass oppe på Slettvikane i Valldal.

Parkeringsplassane vart fort fylte opp medan alle venta på bussen frå Åndalsnes som kom med miljøvernminister Helen Bjørnøy. Denne delegasjonen hadde dagen før vore innom alle Reinheimens kommunar i Oppland og avslutta dagen med ein festmiddag med program på hotell på Åndalsnes.

Og så kom dei
Bussen frå Åndalsnes var der etter ruta og følgjet fekk sjå informasjontavler og høyre om planar ein har tenkt seg for tilrettelegging for turistane som fer forbi. På vegen bort til plassen for arrangementet vart ministeren først stoppa av representantar for The happy End Norddal som ville minne henne på kva som skal til for at kulturlandskapet og mangfaldet skal kunne leve vidare. Ikkje lenge etterpå var det Stig Troll som hadde funne søppel på fjellet og ville at dette måtte gjerast noko med.

Gudsteneste og kor
Sokneprest Morten Gravdal talte om Guds skaparverk i si preike som no vert forvalta av dei kommunane som nasjonalparken berører saman med staten. Valldal songlag med forsterkingar av songarar frå Stranda song fleire gongar under markeringa. Ordførarane talte med store og små ord om dette fantastiske området som no skal sikre villreinen gode vilkår. Ottar Brage Guttelvik frå fylket var den som frå talarstolen batt programmet i hop og sa at vi treng det storslagne og opprinnelege, og tenkte då sjølvsagt på naturen.

Naturforvaltninga
Mange menneske hadde møtte fram og mange av dei var spesielt opptekne av naturforvaltning og naturen. Det vart peikt på fleire gongar kor viktig denne ressursen er og at den kan utnyttast mykje betre i turistsamanheng. Janne Sollie frå Direktoratet for naturforvaltning sa det var godt å kome seg ut av kontoret og møte alle dei engasjerte menneska i ein så flott natur.
Born frå Rauma hadde ei flott oppvising med fjellballett. Helen Bjørnøy hylla også naturen då ho offisielt opna Reinhemen nasjonalpark. Ein stein med bronsjetavle på vart avduka av ministeren og så er det opp til dei lokale forvaltarane saman med staten å balansere bruk og vern. Rauma og Norddal har samarbeidd lenge om dette store prosjektet og med statusen nasjonalpark håper dei at staten kan bidra med midlar, slik at dei får gjort ein best mogleg jobb.

Aktivitetar
Etter den offisielle opninga var det matservering og aktivitetar. Norddal fjellstyre var der, Valldal Jeger og fiskeforening var der og la til rette for fisking. Det vart vist fram gamle fangsmetodar og ein fekk prøve å skyte med pil og boge. Det blei litt surt ver mot slutten, men arrangementet var godt besøkt og alle kom i eigen bil.