Under markeringa overrekte Ola Stavseng ein stola som han har laga mellom anna av materiale som vart til overs då messehakelen vart tillaga. Han fortalde om korleis ideen til dette vart gitt han av Solveig Skeide Skinnes som var konsulent ved tillaginga av messehakelen. Han har arbeidd med stolaen i ledige stunder, og vart ferdig no til 100-årsfeiringa.
Ola Stavseng ga stolaen som si gåve til soknerådet og kyrkja i høve jubileet. Han fortalde om symbolikkbruken i messehakelen og stolaen, og om kunsten elles som er i kyrkja. Metallkunstnar Kjell Gunnar Overøye fekk spørsmål om han kunne lage ein lysglobe til kyrkja for omlag eit år sidan, og rakk akkurat å gjere han ferdig til jubileet. Han har tidlegare laga fleire slike, mellom anna for Kyrkjeleg kulturverkstad. Lysgloben er laga spesielt for Stordal kyrkje, og har eit stort lys symbolsk plassert i midten, med mindre lys rundt.
Gåver
Under markeringa vart det òg delt ut gåver og blomar. Øystein Kjølberg fekk eit måleri med motiv frå kyrkja laga av Ola Stavseng for sine 12 år som sokneprest for Stordal, det same fekk kyrkjeverje Jan Olav Hesthaug for sin store innsats i samband med oppussinga av kyrkja. Tidlegare organist i kyrkja, no organist i Jølster, Rune Molvik stod for orgelmusikken under markeringa og fekk blomar, det fekk òg Stordal og Liabygda pensjonistlag ved Einar O. Hove for sin store dugnadsinnsats med oppussing og maling av gjerdet rundt kyrkja, og Terje Vang som nytta to veker av sommarferien sin inne i kyrkja åleine med å måle golvet og alle benkene.
Elles vart fleire takka for den hjelpa dei har gjeve i samband med oppussinga. Elevar frå ungdomsskulen hadde laga ein presentasjon som synte ulike element frå kyrkja i eit bildeshow med tekst og musikk til. Ein interessant gjennomgang der det var tydeleg at dei hadde teke oppgåva alvorleg og gjort ein god og grundig jobb. Denne presentasjonen kunne ein sjå på samstundes som det vart servert kaffi og kaker, og ein kunne òg gå rundt og sjå på den nye lysgloben, stolaen og messehakelen og korleis kyrkja no tek seg ut i nyoppussa drakt.
Meir feiring
100-årsfeiringa held fram i kyrkja til helga, med konsert laurdag kveld og jubileumsgudsteneste søndag. På konserten laurdag kveld vil det verte orgelmusikk ved tidlegare organist Jostein Maude og ei for høvet tillaga Jubileumskantate med Tonika, med forsterkingar frå Ålesund Kammerkor, Kristoffer Olai Stavseng, Kristina Malene Stavseng, Odd Johan Overøye og Maria Holand Tøsse. Dirigent for Jubileumskantaten vert Rune Bergmann. Teksten til Jubileumskantaten er delvis spesielt skriven av Kjetil Frøysa, og musikken har Odd Johan Overøye laga.
Kyrkjekantate
Det vert også framføring av ei Kyrkjekantate med Marianne Ravn Stavseng og Gunnar Inge Eide med fleire. På jubileumsgudstenesta søndag vil biskop Odd Bondevik og prestane i området vere til stades. Der vil Stordal Barnekor, Tonika, Kari Dyrkorn og Larissa Mikkelsen underhalde.
Etter gudstenesta vert det middag på Stordal Bedehus, der det vert framført helsingar i samband med jubileet og eit tablå av elevar frå mellomsteget på skulen.
|
|
|