Stampa høgtideleg opna

Eit omfattande prosjekt har det vore. Laurdag kunne dei mange frammøtte gle seg over opninga av stampa ved Stavåna i Stordal. Stampa vitnar om den tidlegaste industrien i bygda.

29. august 2007
Randi Flø

Huset med stampa ligg like ved vegen i Stavdalen. Her var det i eldre tid eit rikt miljø med innretningar som brukte vasskrafta, både kvernhus, sag og meieri i tillegg til stampa.

Det var ordførar Charles Tøsse som fekk æra av å opne «slusene» slik at vatnet vart sett på det store vasshjulet på utsida av huset. Dermed vart det sett i gang høglydt arbeid inne i sjølve huset. Ein stor stokk går rundt driven av vasshjulet. Stokken har pinnar på sidene. Dei lettar opp nokre andre stokkar som står opp ned i nokre kar. Dette vart brukt til å stampe ulltøy, som låg i kara saman med varmt vatn. På denne måten vart det sterkt vadmål.

Prosjekt
Det er Harald Jøsvoll som eig stampa. Jon Holt, som også har ein gard på Jøsvoll, fatta interesse for dette. Han har vore primus motor og vore sterkt inne under finansieringa.
Jon Holt fortalde at det var ein gong han var på Folkemuseet på Bygdøy saman med mor si han fatta interesse for stampa første gongen. Den opphavlege stampa står nemleg der. Ho vart flytta dit i 1934. Det var far hans som i si tid dreiv stampa ved Stavåna. Ho var i drift fram til 1910, men det er vanskeleg å seie kor gammal den første stampa på staden var. Kring 1860 var den nedsliten og ei ny stampe kom på plass i 1902.

Mange med
Odd Egil Moen har hatt ansvaret for laftinga. Per Kjell Holtleite har stått for det meste av snikkararbeidet saman med sønene Sindre og Frode. Harald Jøsvoll har halde med material og kjem til å ha ansvaret for vedlikehaldet framover. Han kjem også til å vere kontaktperson for dei som vil sjå og oppleve denne spesielle innretninga.
Jon Holt fortalde om korleis det har vore å få på plass dette. Ikkje minst var det spennande å finne fram att dei gamle løpa som vatnet i elva renn gjennom. Ein del opprensking gjorde at vatnet fann tilbake til gamle spor. I tillegg til bygningen på Folkemuseet har dei også hatt god hjelp av det Ester Busengdal skreiv om stampa, der ho mellom anna henta ein god del opplysningar frå Nils Jøsvoll.
Dagen vart feira med rømmegraut og spekemat til dei som møtte fram.

Kulturminne
Under opninga rosa ordførar Charles Tøsse dei som har stått bak prosjektet. Han sa at no har Stordal fått endå eit kulturminne, som skuleklasser og andre vil ha nytte av å vitje.
Stampa er eit vitnemål om noko av den første industrireisinga i Stordal.

Miljø
Ved sida av stampa står det eit kvernhus som er delvis nede. Det er det Harald Jøsvoll som eig, og han har planar om å setje det i stand att. Like ovanfor stampa står det nok eit kvernhus, det er i god forfatning. Eigar Per Ivar Moe fortel at grunnen til at det er i så god stand er at taket har vore dekt med blekkplater. No har Per Kjell Holtleite lagt på torvtak igjen og fiksa litt på taksperrene. Elles er alt, også steinen inne, heilt intakt.
Einar J. Hove i Stordal sogelag seier seg imponert og glad over det som er lagt ned av arbeid og pengar rundt dette prosjektet. Han fortel at det var eit heilt miljø her ein gong. Det stod endå eit kvernhus på denne sida av elva. På andre sida var det øvst ei sag, så kvernhus og nedst eit meieri. Her nytta dei verkeleg vasskrafta i fleire omgangar.

Hefte om kulturminne
Hove fortel at sogelaget er i ferd med å skrive eit hefte om kulturminne i Øvre Stordal, som skal kome ut i år. Her prøver dei å dokumentere alt som har kulturell verdi og som kan restaurerast. Meininga er å byggje opp att det totale miljøet ved Stavåna for å vise kor viktig vasskrafta var.
– Dette er ikkje berre ei isolert sak, men også inspirasjon for andre til å ta vare på og gjenreise noko av det som er borte.