Feira 25 år med veg til Tafjord

– Vi drøymer om ei ny og betre tid, song dei i Tafjord for meir enn 25 år sidan, då dei måtte stå i ferjekø og kanskje verte for sein på ferja.

29. august 2007
Randi Flø

Paris-damene gjorde stor lykke.

Vegen har dei i desse dagar hatt i 25 år, og det fann dei grunn til å feire sist laurdag. På festen møtte det nesten like mange som det er innbyggjarar i Tafjord, godt over 80 personar var påmelde.

Godt program
Komiteen hadde verkeleg snikra saman eit godt program for kvelden. Turid Aspehjell batt saman det heile på ein lun måte og med enkle ord. Innimellom fekk vi små innslag av sketsjar, songar, bilde og film.
– Det er 25 år sidan vi fekk veg og det må vi feire, sa Aspehjell og viste til at det var over ei mil med stupbratte fjell rett i fjorden. Dei ville ha veg til 132 sjeler som budde der. I 1972 var det 20 mann som vart oppsagde ved Tafjord Kraft og depresjonen la seg over bygda. Skulle Tafjord bli eit nytt Bjørnsund?
Men så vart det sett i gang bygging av K5, med dropar frå fleire store vatn til å lage endå meir kraft. Dette var introduksjonen til å vise Alfred Nilsen sin «Dropen», ein sjølvskriven og sjølvsungen tekst til mange flotte bilde, av vatn sjølvsagt.

Kraft
Utbygginga i Tafjord tok til like etter århundreskiftet og har utvikla seg heile tida. I 1968 kom den 96 meter høge Zakariasdemningen, som då var den største i Nord-Europa, ei utbygging av dimensjonar.
– Men Tafjord hadde aldri stilt krav. I 1976 vart det gjort eit historisk kommunestyrevedtak der det for første gong kom krav om å byggje veg til Tafjord. Vegsaka hang i ein tynn tråd mange gonger, sa Turid Aspehjell.
Det enda til slutt med eit spleiselag mellom kommunen, fylkeskommnen, Tafjord Kraft og sjølvaste energidepartementet, det hadde vel aldri hendt før at dei hadde punga ut til ein veg.
Høyer Ellefsen var firmaet som fekk oppdraget med å byggje veg og tunnel. Kostnadsoverslaget i 1978 var på 54 millionar kroner. Då vegen var ferdig i 1982 kom han på 77 millionar kroner.

Fest
Også den gongen var det fest, først ein uoffisiell i Tafjord med bløtkake til alle på kaia 1. juli, då dei tok vemodig farvel med ferja «Syvde» som gjekk i mange år.
Den offisielle opninga skjedde i Nerhusstranda 28. august med «høge herrar» til stades.
Det vart vist mange bilde frå dei to festane, og mange humra gjenkjennande til både den eine og den andre.

Optimisme
Frå vegen kom og i lang tid var det stor optimisme, no kunne dei kome seg frå Ålesund og innatt på to timar. Bygda blomstra opp. Dei fekk barnehage i 1979, det kom nye hus i byggefeltet, Tafjord ungdomsmusikk var aktiv, avisa Kalln kom med stadige utgåver, Anja Kvalsund vart norgesmeister i bordtennis. I 1987 var det reine baby-boomen med åtte barnevogner langs bygdevegane. Fjordlaks bygde klekkeri og anlegg på fjorden. Tafjordnaustet og pensjonatet hadde gjester. Etter kvart kom krav om utandørs symjebasseng, og det vart opna i 1989.
Det var visst ikkje berre på dagtid dette vart brukt. Etter sketsjen og songen å dømme var det nokre fruer som heldt til her på nattestid og kva dei hadde i stettaglasa kan vi berre tippe.
Marianne Heske gjorde Tafjord kjend mellom anna gjennom den gamle utløa ho flytta til Paris og den store olivinsteinen. I 1992 brann skulen ned, dei heldt til i brakke fem til den nye stod ferdig. Der har skule, barnehage og bibliotek hatt det flott i 12 år, heilt til skulen vart tom no i haust.
Turid Aspehjell hadde ei lang liste over det som kan skape ny optimisme. Tafjorden er den einaste bygda i Norddal som har del av både verdsarv og nasjonalpark. Dei håper Galerie Tafjord snart blir bygd, og gjerne eit skredmuseum. Kva med veg til Kvithammaren?

Nye vegar
– No ventar vi på tunnel til Dalsbygda, det er ikkje store inngrepet som skal til, tenk kva ringverknader det ville få, smilte ho lurt.
Ein fim vart sett i gang som viste vegen inn i tunnelen og ut att, ein vel sju kilometer lang tunnel der det i andre enden står: «Velkomen til The Happy Beginning Norddal».
Eller kanskje er det noko som ønskjer seg veg over fjellet til Skjåk? Ein gjennomarbeidd bildeserie med mange flotte naturbilde frå vegen mellom Kaldhussetra og Hamsevika. Det er også planar om eit kraftverk i dette området. I 1973 var vegen kalkulert til 29 millionar kroner.
– Det er mulig å bygge denne vegen og kanskje også realistisk, sa Turid Aspehjell i det ho gav ordet og scena til «Paris-jentene» frå festen for 25 år sidan, no med krykkjer og kanskje litt meir å løfte på når dei dansa til musikken. Stor beigeistring vekte dei også denne gongen.
Etter programmet var det mat og dans til musikk av Party Express.