|
Treng vi ein valdebatt med berre kvinner i panelet, var det mange som spurde seg då «Kvinner i lokalpolitikken» tok initiativet til debatten på Muritunet måndag kveld. Som ei av deltakarane i paneldebatten sa: Utan dette initiativet, hadde ikkje vi, men dei meir garva politikarane site her. Slik fekk dei høve til å vise seg fram.
Norddal kommune søkte i fjor haust om å få ta del i prosjektet Utstillingsvindu for kvinner i lokalpolitikken som Åslaug Haga og Karita Bekkemellem drog i gang. Norddal var heldig å bli utvald på bakgrunn av tiltak dei foreslo i søknaden sin. Eitt av tiltaka var å arrangere ein paneldebatt før valet.
Seks parti
Mellom 50 og 60 menneske, dei fleste politikarar, møtte opp på Muritunet måndagskvelden. Debatten vart innleidd med at dei seks partia fekk tre minutt til å leggje fram programma sine. For Høgre stilte ordførarkandidat Britt Ingunn Maurstad, for Senterpartiet Heidi Toreli Sylte, for Tverrpolitisk liste for Norddal Kjersti S. Magnussen, for Norddalslista Linda Gjerde Myren og for Fremskrittspartiet Lilliann Almstad. Tanja Anette Mathiesen som skulle stille for Arbeidarpartiet, måtte melde avbod på grunn av sjukdom. Partiet klarte ikkje å få ei kvinne til å stille på så kort varsel, så ordførarkandidat Bjørn Inge Ruset fekk inneleie for dei.
Kvifor stille?
Kvinnene i panelet hadde på førehand fått tilsendt spørsmål som dei hadde førebudd svar på. Første spørsmål var kvifor dei stilte til val.
Britt Ingunn Maurstad svarte at ho er engasjert og trur at ho som jente, kan vere med og bidra på ein annan måte enn menn.
Heidi Toreli Sylte sa at det passa for henne no, at ho har evne til å engasjere seg og at
ho likar utfordringar. Har du ynske om å vere med og påverke, må du stille deg i posisjon, sa ho.
Kjersti S. Magnussen har site som representant for barn og unge i Det faste utvalet for plansaker i inneverande periode. Der har ho sett kva som har blitt gjort og ikkje.
Eg er engasjert i barn og unge. Eg vil arbeide for jordnære, daglegdagse ting som trygge skulevegar, fine badestrender og gode skular og barnehagar.
Linda Gjerde Myren håper å kunne bidra til endringar i politiske prosessar. Lilliann Almstad sa at ho går inn i kommunepolitikken fordi ho har lyst til å lære meir.
Tanja Anette Mathiesen hadde svart på sprøsmåla skriftleg på førehand. Svara vart lesne opp av ordstyrar Randi Flø. Til dette spørsmålet svarte Ap-representanten at ho ser ting ho har lyst til gjere noko med, som både gjeld ho personleg og som ho ser andre slit med.
Eg har lyst til å gjere noko slik at livet til alle i Norddal kan bli betre.
Kvinner i politikken
Spørsmåla vidare gjekk på om det var nødvendig å ha eigne opplegg for kvinner i politikken og kva som kan gjerast for å få fleire med.
Heidi Toreli Sylte drog fram tal som syner at berre 17 prosent av norske ordførarar i dag er kvinner. I 2003 var 77 prosent av alle listetoppar menn. Kvinner takkar ofte nei til attval. Om utviklinga held fram slik, vil det ta 80 år før vi har 50 prosent kvinner i politikken.
I førre periode var berre seks av 21 representantar kvinner i Norddal kommunestyre. Det er ikkje betre her enn i andre kommunar. Kanskje må slike tiltak til, meinte ho.
Frå panelet vart det peikt på trong for barnevakt for å få kvinner inn i politikken. Kjersti S. Magnussen viste til at det ikkje er alle som har mennene buande heime i vekene. Til det sa Solveig Linge Stakkestad at eitt av tiltaka til Kvinner i lokalpolitikken, nettopp er å leggje til rette for barnepass.
Prioriteringar
Etter ein halvtimes matpause med drøs i salen opna ordstyraren opp for at publikum i salen òg kunne be om ordet og kome med innspel. Kvinnene vart bedne om å prioritere mellom Galerie Tafjord, kloster og kulturhus. Klosteret kom på ein klar sisteplass. Galerie Tafjord fekk to klare røyster og det som fleirtalet heller kalla fleirbrukshus enn kulturhus, såg ut til å nå høgast opp.
Panelet fekk òg spørsmål om dei vil selje aksjar i Tafjord Kraft eller Norddal Elverk om det skulle bli naudsynt. Alle unntatt Senterpartiet svarte eit klart nei til det.
Eg ser ikkje kva krise Norddal kommune skulle kome i som gjer at vi må selje aksjar, sa Heidi Toreli Sylte.
Senterpartiet sa ikkje nei. Det kunne vere interessant å høyre meir prinsippielt om det, spurde Signe Brenna frå salen.
Då er svaret nei frå mi side, svarte Heidi Toreli Sylte.
Skulenedlegging
Tverrpolitisk liste for Norddal er det einaste partiet som har programfesta ynsket om å ha berre ein ungdomsskule i kommunen. Det vart verken kommentert eller debattert. Panelet hadde på førehand fått spørsmål om dei var viljuge til å leggje ned Dalsbygda skule om det skulle bli ei problemstilling. Til det sa dei fleste at slike avgjerder må takast i samarbeid med foreldra.
Eg har sjølv vore med på å leggje ned skulen i Fjørå. Då det ikkje var nok born att, slik at dei kunne ha noko å leike med, var det ikkje lenger grunnlag for å ha skule. Det same skjedde i Tafjord, sa Lilliann Almstad.
Folketal
Dei frammøtte i salen vart meir og meir med i debatten utover. Mellom tema som skapte engasjement var folketalsutvikling, arbeidplassar, tomter og gjennomgangsbustader.
Ferjerutene var også oppe, der Arbeidarpartiet kunne skilte med at dei vil arbdie for å gjere desse meir laglege for folk som bur i kommune. Svein Linge, toppkandidaten på Tverrpolitisk liste, kunne konstatere at dette er ei sak det har vore jobba med i 16 år utan resultat.
Situasjonen i eldreomsorga og spesielt forholda ved sjukeheimen i Valldal vart grundig debattert, sjølv om det var noko usemje om kva som er dei reelle forholda, heilt til Marit Øvrevoll kunne konstatere at det er sju ledige stillingar. At desse stillingane står ledige gjer at arbeidsbelastninga for dei andre vert endå større.
Dei politiske innlegga etter dette lovprisa dei flinke hendene ved institusjonen, men ingen kom med konkrete lovnader som kan betre forholda.
|
|
|