|
Tysdag kveld gjekk dei ned til elva, og på første kastet fekk han på ein laks på tre-fire kilo, som sleit seg nesten med ein gong. Etter berre nokre kast til fekk han igjen fast fisk, ein kjempelaks som måtte vere godt over 15 kilo, men den klarte å kome seg laus. Han tok nokre kast til litt lengre framme i hølen og jammen fekk han fast fisk igjen. Etter om lag ein halv time fekk kompisen, Kjell Even Nygård, kleppa laksen, den vog 12,5 kilo. Det vart mørkt og dei måtte slutte av. Onsdag morgon gjekk dei ned att til samme hølen. Etter berre kort tid hadde Kjell Even kleppa to flotte laksar som Peder fekk på kroken, 8 og 8,2 kilo. Og Kjell Even fekk ein pjakk på 1,5 kilo.
Etter ein kort pause, slengde eg Mepsen ut att i hølen. Og jammen fekk eg fast fisk igjen, seier Peder.
Det var kan hende den samme kjempelaksen som han mista kvelden før. Han oppførte seg iallfall på same måten. Nokre harde rykk, og stod midt i sterkaste straumen.
Det var tungt å halde press på laksen. Til slutt stubba eg sena. Trur ho var filt av i kjeften på laksen, seier Peder.
Han har iallfall fått sitt livs største fiskeoppleving i lakseelva.
Sesongen i Stordalselva har vore svak i år, til liks med dei andre elvane på Nordvestlandet og Trøndelag. Om lag 240 fiskar, laks og aure, har vore tatt i Stordal. Rett nok har gjennomsnittvekta vore rimeleg stor, mellom tre og fire kilo. |
|
|