Spenning rundt ordførarvervet i Norddal

Norddalslista er den klare vinnaren av valet i Norddal. Lista får sju representantar i det nye kommunestyret, ein auke på fem. Norddal Arbeidarparti har fått fire mandat i det nye kommunestyret, to meir enn sist. Tverrpolitisk Liste har tre mandat og seier dei vil støtte Ap sin Bjørn Inge Ruset i valet av ordførar. Dei andre partia har ikkje noko einstydig svar på kven dei vil støtte som ordførar enno.

12. september 2007
Randi Flø

Glade representantar for Norddalslista etter kvart som resultatet frå valet vart kjent. Frå venstre: Svein Martin Remset Andersen, Audun Skjervøy, Linda Gjerde Myren, Signe Brenna, Venke Selbo-
skar og Oddmund Ødegård.

– Eg er sjølvsagt svært glad. Det vart eit kjemperesultat for Norddalslista, seier Audun Skjervøy, ordførarkandidaten til Norddalslista.
Han understrekar at dei har fått stor tillit frå veljarane, noko som gir dei eit stort ansvar.
– Resultatet levnar ingen tvil om kva veljarane vil. Det må også Arbeidarpartiet å ta innover seg. Det er mulig å få til eit samarbeid mellom dei to med størst framgang til beste for Norddal kommune, seier Skjervøy.
Han meiner at veljarane også har sagt frå om at den splittinga Tverrpolitisk liste driv med mellom bygdene, ikkje er ønskjeleg i denne kommunen. Veljarane er heller ikkje tilfreds med at Frp saman med Aksjonslista/Tverrpolitisk har fungert som reine støtteparti for ordføraren.
Ap sin Bjørn Inge Ruset har fått ein del personlege røyster frå folk som har røysta Norddalslista. Skjervøy meiner at desse veljarane blir svært skuffa dersom Ruset ikkje no ser at tida er inne for samarbeid om ordførarskifte.
– Er det berre Arbeidarpartiet det er aktuelt for Norddalslista å samarbeide med?
– Neidå, vi kan ikkje stengje døra for nokon. Men veljarane har sagt veldig klart frå og det er det viktig for oss å ta omsyn til.
– Norddalslista har fått inn fire damer av sju representantar og fire av sju frå sørsida. Kommentar til det?
– Alle på Norddalslista er dyktige og kunne ha gjort ein god jobb, men det er utruleg flott at Norddalslista kan stille med eit fleirtal av kvinner. Det er eg stolt av i eit såpass mannsdominert politisk miljø som her i Norddal. I tillegg er vi tilfreds med å ha fått med ei svært sterk gruppe frå Norddal og Eidsdal. Vi har fått eit stort ansvar som vi er klar til å ta på oss. Veljarane har sagt mykje om kven dei ønskjer.

Ordførarkandidatur
– Ja, eg er veldig godt fornøgd med resultatet av valet, seier Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat Bjørn Inge Ruset. Han ser at arbeidet dei har lagt ned i førekant og det dei har gjort under valkampen har gitt resultat. No ser han fram til å drive politikk.
– Kven kjem de til å samarbeide med?
– Vi er opne for å samarbeide med alle. Mitt kandidatur som ordførar står veldig tydeleg og vi vil framleis jobbe for det, seier Ruset som legg til at det er Arbeidarpartiet som ligg nærast det neste mandatet. Han er ikkje overraska over at Norddalslista fekk så stor oppslutning etter dei erfaringane han gjorde seg i Eidsdal fredag.
Ruset er også glad for at valdeltakinga i Norddal vart så høg.

Mobilisering
– Eg er litt overraska, sjølv om det var umulig å tippe på førehand. Ein auke i frammøtet på ti prosent betyr at det har vore mobilisert. Både Norddalslista og Arbeidarpartiet har drive ein god valkamp. For meg var det ein grunn til å stille opp og det var Muriparken. No ser det ut som det blir fleirtal for Muriparken i kommunestyret, og då er vi fornøgd, seier Svein Linge, toppkandidaten på Tverrpolitisk liste som kom inn med tre representantar, ein mindre enn for fire år sidan då lista heitte Aksjonslista.
– Kven kjem de til å støtte som ordførar?
– Vi tek det med ro. Dette vert nok ikkje avklara dei første dagane, folk må få tenkje seg om. Vi vil gjerne samarbeide på sak. Eg vert overraska om Bjørn Inge Ruset ikkje vert ordførar. Vi vil sjølvsagt støtte han. Vi må støtte nokon som heilt klart går inn for Muriparken og som har same bustadpolitikk som oss, seier Linge.

Var budd
– Eg var budd på at kva som helst kunne skje. Sjølvsagt kunne eg håpe at det skulle gå betre for Senterpartiet, men eg frykta også at det kunne ha gått verre, seier ordførar Arne Sandnes.
Han viser til jordskjelvet som var i samband med nominasjonen, der Senterpartiet låg an til å verte halvert. No fekk dei inn fem representantar, ein mindre enn for fire år sidan. Norddalslista fekk ein auke på fem mandat, men berre eitt av dei kom frå Senterpartiet. Senterpartiet er ikkje den store taparen og for eigen del opplever ikkje Sandnes dette som eit stort nederlag. Partiet er den nest største stemmesankaren.
Arne Sandnes seier han har stor repsekt for det som skjedde. Han meiner det er Ap som sit med jokeren. Ap og Norddalslista har fleirtal og kan fordele posisjonar.
– Har du sjanse til å halde fram som ordførar?
– Det er teoretisk mulig.
– Kan Senterpartiet samarbeide med Norddalslista?
– På Norddalslista står det personar som hoppa av frå mitt parti, så det vert noko kunstig og det må gjere veljarane fullstendig forvirra. Eg sel ikkje skinnet mitt for ein kvar pris. For meg er det viktig å få arbeide vidare med Muriparken og alle dei andre viktige sakene, sier Sandnes.
Han viser til at Tverrpolitisk og Frp har tapt relativt meir enn Sp. Sjølvsagt er han skuffa når Senterpartiet ikkje lenger er det største partiet. Men han ser ingen dramatikk i det og veit det framleis blir eit kompetent kommunestyret. Om det som vil skje framover mot det konstituerande kommunestyremøtet, meiner han det meste er ope og at alt er mulig.

Heilt ope
Fremskrittspartiet fekk inn to mandat og miste eitt. Listetoppen Olav Løvoll viser til at det også var mange andre som mista mandat til fordel for Norddalslista og Arbeidarpartiet. Utan å ha diskutert det meiner han det no er nærast å tenkje på Arbeidarpartiet som den mest naturlege å samarbeide om ordføraren.
Han innrømmer at Norddalslista er den store vinnaren, men peikar på at dei ikkje har fleirtal. Løvoll vil ikkje låse seg til noko no, men seier at valet fortel at veljarane er ute etter endringar og Frp ser gjerne ei ny politisk leiing.

Litt skuffa
Høgre sin listetopp, Britt Ingunn Maurstad, innrømmer at ho er litt skuffa over at dei ikkje fekk nok stemmer til ein plass i kommunestyret. Ho er ikkje overraska over at Norddalslista gjorde det så godt.
– Vi får berre jobbe vidare og kome sterkare tilbake om fire år, seier Maurstad.

Norddal kommunestyre

Det nye kommunestyret i Norddal er samansett av fem parti. Høgre mista den eine representanten dei hadde i førre periode. SV og KrF stilte ikkje til val.
I førre periode hadde kommunestyret seks kvinnelege representantar. Talet har no stige til åtte. Både Senterpartiet og Norddalslista har fleire kvinner enn menn i gruppa.
Fordelinga på dei fem bygdene ser slik ut: Eidsdal 6, Fjørå 1, Norddal 1, Tafjord 2 og Valldal 11.