Tøsse stod til eksamen |
|||||||||||
![]() |
|||||||||||
| Etter fire år som ordførar i Stordal, gav veljarane Charles Tøsse frå Høgre fornya tillit. Kristeleg Folkeparti som er tilbake, tok to mandat frå Sp. | |||||||||||
|
|||||||||||
Charles TRøsse og Høgre står støtt i Stordal |
|||||||||||
| Ja, eg er positivt overraska, seier ein glad Charles Tøsse, som dermed får halde fram som ordførar i fire nye år. Etter som KrF har vore fråverande siste perioden, knytte det seg ei viss spenning til korles dei ville påverke valet. Det ser ut som dei har teke stemmer frå både Senterpartiet og Høgre, men dei to mandata til KrF har kome frå Sp. Eg har ikkje grubla så mykje over tala, men er glad og audmjuk i forhold til den tilliten som er vist, seier Charles Tøsse og stadfestar at det har vore som ein eksamen. Han seier at dei første skal konstituere seg, men at han håper og trur at han blir ordførar. Når det gjeld vervet som varaorførar, vil han ikkje spekulere. Så langt er vi ikkje komne. Vi må setje oss ned og diskutere og gå inn i ryddige og greie forhandlingar, seier Tøsse og viser til at det er sett opp plan for konstituerande kommunestyre allereie 26. september. Eg håper og trur på eit godt samarbeid med alle partia. Alle blir representerte i formannskapet og det er ein fordel, slik at vi kan jobbe for Stordal kommune sitt beste. Det er ei spennande samansetjing av kommunestyret med både nye og meir erfarne politikarar, avsluttar Tøsse. Som forventa Glad for tillit Godt fornøgd Erfaring |
|||||||||||
| Stordal kommunestyre
Det nye kommunstyret i Stordal er samansett av fem parti. Høgre er framleis valvinnar. Nykomar Kristeleg Folkeparti tok to mandat frå Senterpartiet. |
|||||||||||
![]() |
|||||||||||