Ivrige på nyskaping

I førre veke var alle elvane på ungdomssteget i Valldal engasjerte i noko som vart kalla gründercamp. Elevane viste stor kreativitet og iver i å løyse praktiske oppgåver for bedrifter.

19. september 2007
Randi flø

Ei av gruppene som jobba med tiltak for å få fram tidleg-jordbær. Dei laga ein tunell av plast og fiberduk. Frå venstre: Torgeir Osvik, Trond Marius Vad, Fredrik Sælen og Sondre Gundersen Døving.

Gründercamp er eit konsentret opplegg der elevane fekk presentert ulike problemstillingar som dei skulle prøve å finne løysing på. Det var sett av fire skuledagar til prosjektet, og elevane var delte inn i grupper på fire-fem elevar.

Ei gruppe
Storfjordnytt valde å følgje ei gruppe, heilt tilfeldig utvald. Første gongen møtte vi dei på Rempro der dei var i fullt gang med å løyse problemstillinga dei hadde fått. Det var å utvikle ein plastmodell for dyrking av tidlegjordbær og andre vekstar ved hjelp av glasfiberspiler frå Rempro.
Gruppa er sett saman av fem gutar frå åttande klasse: Fredrik Sælen, Lars Tomas Håseth, Trond Marius Vad, Torgeir Osvik og Sondre Gundersen Døving. Dei fortel at det starta med idémyldring. Dei fekk utdelt oppgåver. Sidan tok dei turen til Rempro for å setje seg inn korleis bedrifta fungerer og kva slag materiale dei kunne bruke. Saman med dagleg leiar Stein Inge Rem tok til å planlegge.
Dei vart tydeleg inspirerte frå første stund. Dei tok kontakt med garntnarar både på Linge og på Berdalen. Først tenkte dei å bruke berre duk, men så fann dei ut at dei skulle kople saman gjennomsiktig plast og fiberduk med tanke på optimale forhold for lys og luft. Også ein telefon til forsøksringen måtte til for å få rådgjeving.
Etter kvart laga dei ein fire meter lang modell. Her var det spiler på tvers med duk og plast. Etter at modellen var ferdig reiste dei til Aksel Døving for å setje han opp i ein jordbæråker. Noko av det dei meiner er genialt, er at dei kan la han stå med berre eine enden av spilene i bakken. Dermed er det mulig å jobbe med jordbærplantene, plukke eller gjødsle.

Positivt
Rempro var ei av dei bedriftene som melde seg med ei problemstilling. Stein Inge Rem er full av lovord om elevane.
– Dei er kreative og tenkjer på ein heilt annan måte enn oss. Dei har ikkje dei same sperrene som vi som er litt eldre, seier Rem.

Problemstillingar
I samarbeid med Fjordhagen fekk elevane i ungdomsskulen utdelt ulike problemstillingar innhenta frå bedrifter i området. Under avslutninga torsdag kveld fotalde Per Jomar Nerli at dei hadde fått inn i alt 18 ulike problestillingar og gjorde eit utval på seks. To grupper jobba med kvar problemstilling.
Den andre gruppa som jobba med å finne forhold for å dyrke tidlegjordbær, var først ute med å presentere sitt opplegg. Dei hadde funne ei noko anna løysing enn den gruppa Storfjordnytt følgde. Mellom anna hadde dei festa plasten i ei skinne på kvar side av fòra slik at den kunne trekkast på langs av fòra.

Barnehagen
To grupper jobba med å oppgradere uteområdet i barnehagen på Sylte, mellom anna for å gjere det meir spennande for dei eldre ungane.
Gruppene hadde teke utgangspunkt i eigne erfaringar frå den tida dei gjekk i barnehagen i tillegg til at dei hadde vore der og snakka med ungane. Dei hadde planlagt nye leiker og sklie. Ei av gruppene sakna holet gjennom ein haug frå den gongen dei var der og ville ha det tilbake. Idear om sjørøvarskip og hinderløp vart presenterte.

Jordbær
Valldal Grønt si problemstilling var korleis dei skal bygge sterkare merkevare kring jordbær frå Valldal. Ei av gruppene kom med framlegg om klistremerke og skilt. Den andre hadde like godt brukt dagane til å lage ein reklamefilm, som kalla fram god latter i salen då det viste seg at ein padlar endeleg klarte å gjere eskimorulla etter at han hadde ete jordbær frå Valldal, til og med singelfrosne og ikkje heilt opptina. Denne gruppa hadde også ein idé om å lage ei rundkøyring og setje opp ei jordbærstatue i midten.

Kraftmuseet
Tafjord Kraft si problemstilling var å få fram idear til korleis dei kan gjere kraftmuseet meir spennande og attraktivt for ungdom. Ei av gruppene ville ta i bruk ny teknologi. Dei såg føre seg ein tunnel med skjerm og film der folk kan gå inn med 3D-briller slik at dei får ei kjensle av å vere inne i ein kraftstasjon. Ein interaktiv quiz meinte dei ville gjere opphaldet meir spennande og gjerne også ein modell av eit kraftanlegg.
Den andre gruppa viste til at det er for mange skiljevegger og for mykje «do not touch» slik det er i dag. For ungdom meinte dei slike varsel sender signalet: «Please do touch.» Dei syntest det er for mykje tekst som ingen gidd å lese. I staden ville dei ha informasjon på ein «touch-screen». Denne gruppa ville også demonstrere korleis dei lagar vatn ved hjelp av vatn og ei lyspære. Om dei skulle tenkje stort, såg dei føre seg ein simulator der folk til dømes kan tenkje seg at dei er vatnet som går i rør og endar opp i ein kraftstasjon.
– Det blir sikkert ein humpete tur, kommenterte dei.

Søppelskur
Norddal kommune var ute med to problemstillingar. I tillegg til barnehagen sitt uteområde vill dei gjerne ha svar på korleis dei kan lage enkle og billige skur til å ha dei store søppeldunkane i.
Begge gruppene hadde laga modellar som dei viste fram, og dei hadde rekna ut prisen, som ikkje var billig. Ei av gruppene opererte også med kjeldesortering og krokar til å halde oppe lokka.

Mobilteknologi
Siste problemstillinga kom frå Fjordhagen og gjekk på å mark-nadsføre Valldal ved hjelp av mobiltelefonteknologi. Ei av gruppene hadde funne opp Valldals-spelet, ei reise gjennom muligheitene i Valldal, mellom anna rafting og padling. Dette kunne folk til dømes laste ned via bluetooth på Trollstigen. Dei hadde rekna ut at det ville koste nærare ein million kroner, og målgruppa var sjølvsagt barn og ungdom som sit i baksetet.
Den andre gruppa hadde liknande løysingar. Av inntekter til det kostbare prosjektet hadde dei rekna med tilskot frå stat og kommune og etablerarstipend i tillegg til reklame.
Ein breitt samansett jury vurderte løysingane og presentasjonane til dei ulike gruppene, og det vart premieutdeling torsdag kveld.