Ikkje noko er avgjort

– Vi har ingen ferdigforhandla avtale. Vi må først sjå kva vi oppnår i samtalane
og blir einige om, seier Fridjon Døving, leiar i Norddal Senterparti om forhandlingane om ordførarverv
og heile den politiske kabalen etter valet.

19. september 2007
Randi flø

Ordførarkandidaten til Arbeidarpartiet, Bjørn Inge Ruset, er framleis med i kabalen.

Døving seier at det først er i kveld, onsdag, at dei skal starte forhandlingane mellom Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Tverrpolitisk liste. Han meiner dei må klare å kome fram til ein avtale.
– Viss det ikkje vert semje, er vi i utgangspunktet på same stadiet som etter valet og Arne Sandnes er framleis vår ordførarkandidat, seier Fridjon.
Han synest Arbeidarpartiet var raske til å gå hardt og tøft ut om ein avtale som ikkje er ferdigforhandla. Arbeidarpartiet må ha noko å gi til Senterpartiet også om det skal bli semje. Senterpartiet er det største i denne konstellasjonen av tre parti.

Ordførar
Arbeidarpartiet gjekk tidleg ut etter valet og sa at det var klart at Arbeidarpartiet kom til å få Bjørn Inge Ruset som ordførar. Det var klart etter ein avtale med Senterpartiet og Tverrpolitisk Liste.
Dette kom fram i intervju både i Sunnmørsposten og i NRK Møre og Romsdal. Til Storfjordnytt viser Ruset til Kjell Arne Valdal og Hallvar Tafjord når det gjeld detaljane i forhandlingane med andre parti. Han seier at
vilkåret for å starte forhandlingane for Arbeidarpartiet var at dei ville ha ordføraren, det er berre det som er slege fast.
– Det er lenge til det konstituerande kommunestyremøte 18. oktober. Er du redd dette kan endre seg?
– Eg ser det er lenge til. Skulle det bli endringar, så blir det det. Men eg slit med å sjå noko anna fleirtalsalternativ med mindre det skjer noko nytt.
– Kva synest du om at det er veljarar som no er så skuffa at dei seier dei har stemt for siste gong?
– Valsystemet er slik. Ingen hadde noko formelt samarbeid før valet. Eg må basere meg på å samarbeide med alle og vere ordførar for alle i kommunen. Som ordførar står du fremst i kommunen og tek imot innspel frå alle. Eg har allereie fått mange tilbakemeldingar, noko eg set pris på og som eg ønskjer folk held fram med. Det hadde vorte reaksjonar uansett, seier Ruset og viser til at alle med unntak av Senterpartiet har peika på han som den tydelege ordførarkandidaten.

Forhandingsutval
Leiar i Norddal Arbeidarparti, Kjell Arne Valdal, seier dei har eit forhandlingsutval, som skal ha møte i kveld. Der er det folk frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Tverrpolitisk Liste. Senterpartiet var tidleg ute med å ta kontakt med Arbeidarpartiet, og det vart semje om Bjørn Inge Ruset som ordførar. Det er mykje igjen å forhandle om. Det gjeld både varaordførar, formannskap og andre verv.
– Kvifor har de ikkje invitert Framstegspartiet og Norddalslista?
– Vi har snakka med Olav Løvoll i Frp, og det kan hende også dei blir med, men alt er ope.
– Er det sant at Frp er tilbydd leiarvervet i driftsutvalet?
– Det er ikkje gjort noko i den lei, alt er ope, seier Valdal.
Han seier at no har Arbeidarpartiet fått ordføraren og dei må møtast for å bli samde vidare og ikkje forhaste seg. Valdal meiner det var viktig å få på plass ordføraren først, det var mange, spesielt frå media, som tok til å ringe for å få svar frå Arbeidarpartiet som sat med nøkkelen.
– Kvifor er ikkje Norddalslista invitert?
– Vi har ikkje invitert til anna enn eit samarbeid for å få fleirtal for ordføraren. Det vi må jobbe vidare med no, er å få til eit slags manifest som viser samarbeidet innan dei viktigaste sakene i kommunestyret. Det kan verte vanskeleg med så mange, då er det kanskje like godt å gjere det i kommunestyret. Kanskje kan Norddalslista vere med i det vidare arbeidet. Eg er berre ein del av forhandlingsutvalet. Vi i Arbeidarpartiet har vore opptekne av å få til ei rettferdig fordeling. Det er mange saker det ikkje er problem å verte einige om. Totalt såg vi at vi ville oppnå mest saman med Senterpartiet, og sidan dei inviterte oss var det ikkje vanskeleg. No er ordføraren klar. Det er tre firedelar som støttar Bjørn Inge Ruset som ordførar. Vi har prøvd å vere opne og vi ringde til leiaren i Norddalslista så snart det var klart om ordføraren. Det er viktig med ein ryddig prosess. Norddalslista har kome inn med sju representantar, og det skal visast igjen.

Ikkje i media
– Vil Norddalslista heller ha ordførar frå Arbeidarpartiet enn Senterpartiet?
– Vi vil ikkje forhandle om ordførarspørsmålet i media, seier Audun Skjervøy, som synest dei som driv og ringer rundt heller bør setje seg ned og sjå på kva veljarane har sagt. Han legg til at mange ikkje er klar over kva som går føre seg, og det er svært uverdig.
– Det kan føre til ei alvorleg splitting i kommunen om ein held fram slik, seier Skjervøy.
– Kvifor?
– Folk på sørsida av fjorden kjenner seg skvisa og at dei ikkje blir tekne på alvor. I tillegg høyrer vi fleire av Norddalslista sine veljarar på denne sida av fjorden seie at dei har stemt for siste gong.
– Kvifor trur du Norddalslista er sett utanfor?
– Eg veit ikkje kven som har bestemt det. Vi har ein del uformelle samtalar og vi pratar med dei som vil prate med oss. Utifrå det som vart sagt før valet, er det ikkje overraskande at det skjer.
– Forstår du at de ikkje vert tekne med?
– Utifrå min kunnskap om politikk og politisk ideologi forstår eg det ikkje. Men utifrå min kunnskap om Norddal kommune etter å ha budd her i seks år, forstår eg det. Dessverre. Einskilde miljø i Norddal kommune har eit svært usunt og umodent forhold til politikk. Dei har utruleg lite respekt for folk med andre meiningar enn dei sjølve. Vi ønskjer å ta veljarane på alvor, derfor vil vi ikkje vere med på slikt spel som går føre seg no. Vi har ikkje stilt til val for å snu ryggen til veljarane dagen etter valet. Ein viktig del av det politiske grunnlaget for Norddalslista er å ta veljarane og folk i Norddal kommune på alvor, seier Skjervøy.